Er det eg eller du (eller den) som lagar den lyden
Master thesis

View/ Open
Date
2024Metadata
Show full item recordCollections
- Institutt for kunstfag [313]
Abstract
“Er det eg eller du (eller den) som lagar den lyden” er eit kunstnarleg utviklingsarbeid
gjennomført ved HVL Stord 2023 – 2024 i masterstudiet “Kreative fag og læreprosessar”.
Gjennom ein utøvande, kunstnarleg prosess og tilhøyrande, skriftleg refleksjon og analyse
søkjer eg gjennom dette prosjektet å identifisere og forstå meir om sentrale element som
vidare kan bidra til kunnskap om og forståing for fenomen og mekanismar innanfor fritt
improvisert musikk.
I prosjektet har eg gjennomført fire utøvande, improviserte strekk i lag med ein medutøvar.
Gjennom eigen analyse av desse kombinert med samtaler med medutøvar og bruk av
stimulated recall, har eg bygd eit datamateriale som vidare har danna grunnlag for refleksjon
kring erfarte fenomen.
Fokus og avgrensing for arbeidet er formulert i forskingsspørsmåla:
• I eit fritt, improvisert format, plassert i skjeringspunktet mellom lyd og musikk,
korleis skaper utøvarane rammer for utøvinga, og korleis kan desse rammene bidra til
å stimulere den kreative musikkskapinga?
• Kva kjenneteikner kommunikasjon i eit slikt format?
• Korleis opptrer agentskap hjå utøvarane, verktya og materialet i det improviserte
samspelet?
Sentrale observasjonar inkluderer opplevde strategiar for å etablere eit felles startpunkt og for
å skape røyrsle i det musikalske materialet, og korleis etablerte rammer som varigheit i tid
påverka utøvarane. Sentralt for refleksjonen står korleis ein kan forstå improvisasjon som
både eit resultat av utøvarane si erfaring og kunnskap, men også som ein tilstand der ein er
klar for alt, der referansar kan oppstå undervegs i ein pågåande relasjon mellom utøvarar,
verkty og det musikalske materialet.
Produktet av arbeidet omfattar ein konsert, gjennomført på Stord 5. mars 2024, og denne
refleksjonsteksten.
Description
HVL Stord