Forteljingar om å bygge vennskap, nettverk og sosial tilhøyrsle: Ei kvalitativ studie av langvarige recoveryprosessar etter problematisk rusmiddelbruk
Doctoral thesis
Accepted version
View/ Open
Date
2024Metadata
Show full item recordCollections
- Import fra CRIStin [3628]
- Institutt for velferd og deltaking [1047]
Original version
Vigdal, M. I. (2024). Forteljingar om å bygge vennskap, nettverk og sosial tilhøyrsle: Ei kvalitativ studie av langvarige recoveryprosessar etter problematisk rusmiddelbruk [Doktoravhandling, Høgskulen på Vestlandet]. HVL Open.Abstract
Denne avhandlinga utforskar erfaringar med å vere i langvarige recoveryprosessar etter problematisk rusmiddelbruk. Med utgangspunkt i eit fortolkande paradigme undersøkte eg følgande overordna problemstilling: Korleis erfarer personar som er i langvarig recovery etter problematisk rusmiddelbruk dei sosiale endringsprosessane med å bygge vennskap, nettverk og sosial tilhøyrsle?
Avhandlinga har eit kvalitativt forskingsdesign, og presenterer resultat frå ei metasyntese av kvalitative studiar. I tillegg viser avhandlinga fram tematisk innhaldsanalyse og narrativ tematisk analyse av semistrukturerte intervju med 17 personar som var i langvarig recovery etter problematisk rusmiddelbruk. Data er skapt gjennom intervju med kartlegging av dei sosiale nettverka. Data er analysert ved hjelp av analytiske rammeverk, og omgrep som er eigna til å få fram erfaringane til deltakarane.
Eit essensielt tilstandsbilete som avhandlinga gir er at dei fleste av dei 17 deltakarane erfarte seg sjølv seg på intervjutidspunktet som sosialt integrerte medlemar av samfunnet. Analysen viste at opplevinga av sosial tilhøyrsle var nært knytt til det å vere, og leve som andre borgarar. Resultata av analysen blir presentert i tre artiklar.
I den fyrste artikkelen identifiserte og synteserte vi eksisterande forskingskunnskap frå kvalitative primærstudiar. Primærstudiane som vart inkludert i metasyntesen undersøkte frå eit førstepersonsperspektiv korleis sosial fellesskap støtta dei langvarige sosiale endringsprosessane. Analysen viste at sosiale fellesskap som vart oppfatta som trygge og ikkje stigmatiserande, kunne støtte dei langvarige sosiale endringsprosessane. Dei sosiale fellesskap vart anerkjent som arenaer for å konfrontere ansvar og tillit. Fellesskapa fasiliterte for auke i relasjonelle ferdigheiter, og at nye sosiale band vart knytt. Personane i langvarig recovery erverva seg ei kjensle av sosial attreising, og ei oppleving av å vere verdsette medborgarar. I artikkelen presenterer vi ein modell for å guide forsking på sosial recovery frå eit førstepersons perspektiv.
I den andre artikkelen utforska vi korleis personar i langvarig recovery skildra sine sosiale nettverk, og kva dei erfarte som nøkkelfaktorar for at nettverka skulle utviklast. Artikkelen bidreg med kunnskap om at tid er ein essensiell faktor i nettverksbygginga, til liks med det å ha tilgang til sosiale arenaer med fastlagde strukturar for sosial interaksjon. Studien peikar på at det å ha tilfredsstillande levekår, ei kjensle av å vere anerkjent av andre, samt det å kunne identifisere seg med andre, fremjar ei oppleving av sosial tilhøyrsle. Artikkelen utforskar eit relevant praksisfelt innan rusfageleg arbeid ved at den viser korleis personar i langvarige recovery erfarte prosessane med bygging av nye sosiale nettverk.
I den tredje artikkelen utforska vi korleis personar i langvarig recovery tolka og gav meining til sine erfaringar med å bygge nye vennskap. Artikkelen fokuserte på forteljingar om prosessane med å bygge nye vennskap der historielinjer og posisjonering av seg sjølv og andre er nytta som analytiske omgrep. Analysen viste at personar i langvarig recovery kjende seg merka av, og hindra av, sine tidlegare erfaringar når dei skulle bygge nye vennskap. Disse erfaringane skapte barrierar for vennskapsutviklinga, og ei oppleving av eit sosialt skilje mellom dei som hadde brukt illegale rusmiddel og dei som ikkje hadde gjort det.
Avhandlingar tilbyr tre typar kunnskapsbidrag. Den fyrste typen resultat som avhandlinga tilbyr er tilstandsbilete som inkluderer skildringar og eit visuelt bilete av dei strukturelle og interaksjonelle trekka ved dei erfarte sosiale nettverka. Tilstandsbileta som denne avhandlinga tilbyr underbygger at langvarig recovery handlar om mykje meir enn personane sitt tilhøve til rusmiddel.
Den andre typen kunnskapsbidrag avhandlinga tilbyr er forståingsmåtar om korleis personar i langvarig recovery har erfart prosessane med å bygge vennskap, nettverk og sosial tilhøyrsle. Avhandlinga tilbyr forståingsmåtar om korleis samfunnet, helse og omsorgstenestene og personane i langvarig recovery verkar inn på kvarandre og påverkar recoveryprosessen. Avhandlinga tilbyr kunnskap som har implikasjonar for praksisfeltet ved å peike på korleis samfunnet og helse- og omsorgstenestene kan støtte opp om recoveryprosessane. Ved å analysere erfaringar knytt til å bygge vennskap, nettverk og sosial tilhøyrsle, gir avhandlinga eit grunnlag for refleksjon over korleis helse og omsorgstenestene og samfunnet kan bidra til at personar i recovery kan erfare å høyre til, og erfare å vere sosialt integrerte medlemmar i samfunnet.
Den tredje typen resultat avhandlinga tilbyr, er eit metodologisk bidrag til korleis problemstillingar om sosiale endringsprosessar kan undersøkast og analyserast. I avhandlinga har eg kombinert ei kartlegging av dei sosiale nettverka med gjennomføring av kvardagsforankra intervju om det sosiale livet til deltakarane. Dei analytiske tilnærmingane som historielinjer, posisjonering av seg sjølv og andre, bidrog til utvikling av kunnskap om erfaringar med å vere i sosiale endringsprosessar ved langvarig recovery. I avhandlinga har eg nytta teoretiske perspektiv til å diskutere dei langvarige recoveryprosessane som er analysert fram, og til å peika på kva implikasjonar funna kan ha for praksisfeltet.
Kunnskapsbidraga som avhandlinga gir er relevante for personar i recovery og deira pårørande. Avhandlinga peiker på kva samfunnet kan gjere for å fasilitere langvarig recovery, og derfor kan avhandlinga vere relevant for studentar, forskarar, profesjonsutøvarar, politikarar og myndigheiter.
Has parts
Vigdal, M. I., Moltu, C., Bjornestad, J., & Selseng, L. B. (2022). Social recovery in substance use disorder: A metasynthesis of qualitative studies. Drug and Alcohol Review, 41(4), 974-987. https://onlinelibrary.wiley.com/doi/10.1111/dar.13434Vigdal, M. I., Moltu, C., Svendsen, T. S., Bjornestad, J., & Selseng, L. B. (2023). Rebuilding Social Networks in Long-term Social Recovery from Substance-Use Problems. The British journal of social work. https://doi.org/10.1093/bjsw/bcad134
Vigdal, M. I., Svendsen, T. S., Moltu, C., Bjornestad, J., & Selseng, L. B. (2024). Stories of building friendships during long-term recovery from problematic substance use. Qualitative Social Work, 0(0). https://doi.org/10.1177/14733250241242028