dc.contributor.author | Sønnesyn, Janne | |
dc.date.accessioned | 2023-12-06T07:58:35Z | |
dc.date.available | 2023-12-06T07:58:35Z | |
dc.date.created | 2023-12-05T14:16:32Z | |
dc.date.issued | 2023 | |
dc.identifier.citation | Sønnesyn, J. (2023). Språkskifte og språkbevaring på norsk: Elevar sine val av skriftspråk på ungdomstrinnet [Doktoravhandling, Høgskulen på Vestlandet]. HVL Open. | en_US |
dc.identifier.isbn | 978-82-8461-035-1 | |
dc.identifier.uri | https://hdl.handle.net/11250/3106136 | |
dc.description.abstract | Denne avhandlinga handlar om språkbevaring og språkskifte i ein norsk kontekst. Nærare bestemt utforskar ho skriftspråksvala til eit utval 10.klassingar, med eit særleg blikk på dei elevane som har nynorsk som opplæringsspråk. Ved å sjå nærare på desse skriftspråksvala, granskar avhandlinga korleis dei individuelle språkvala til elevane heng saman med strukturelle vilkår for å bruka det minoriserte skriftspråket nynorsk. Granskinga hentar data frå ei spørjegransking og frå fokusgruppeintervju med elevar frå kommunane Ål, Os og Tysvær, og kombinerer såleis fleire datatypar gjennom eit blanda design (mixed methods). Det dialektiske forholdet mellom individet og dei kollektive strukturane som utgjer konteksten til individa, er eit sentralt og gjennomgåande perspektiv i heile avhandlinga.
Granskinga syner at nynorskelevane og språksamfunnet dei er ein del av, er i eit kontinuerleg krinsløp, der individuelle språkval stadig påverkar kollektive språkbruksmoglegheiter som igjen påverkar språkbrukarar sine individuelle val. Den norske språkpolitikken, særleg den som formar og vert forma i skulen, står fram som eit svært viktig strukturelt vilkår. Avhandlinga syner at skulen har ein sentral stillasbyggjarfunksjon for nynorskelevane, og at han er den viktigaste arenaen for nynorskbruken deira, men ho viser også at opplæringssituasjonen ikkje alltid legg godt nok til rette for ei opplæring som sikrar gode ferdigheiter og språkleg tryggleik. Dessutan viser avhandlinga at nynorskelevane blir ståande i krysspress mellom ulike normforventningar, til dømes i lokalsamfunnet og på sosiale medium. Avhandlinga bidreg dermed til å auka kunnskapen om vilkåra for å vera ung nynorskbrukar, og såleis om sentrale føresetnader for bevaring av minoriserte språk. | en_US |
dc.language.iso | nno | en_US |
dc.publisher | Høgskulen på Vestlandet | en_US |
dc.relation.haspart | Sønnesyn, J. (2018). Danningsperspektiv på språkskifte. Norsk Pedagogisk Tidsskrift, 10(4), 301–311. https://doi.org/10.18261/issn.1504-2987-2018-04-02 | en_US |
dc.relation.haspart | Sønnesyn, J. (2020). Skulen som språkplanleggar: Kva seier ungdomsskuleelevar om vilkåra for å læra nynorsk som hovudmål? I G. K. Juuhl, S. J. Helset & E. Brunstad (red.), Vilkår for nynorsk mellom barn og unge (s. 203–233). Cappelen Damm Akademisk. https://doi.org/10.23865/noasp.106 | en_US |
dc.relation.haspart | Sønnesyn, J. (under utgjeving). Conditions for Nynorsk language use – the role of capacity, opportunity, and desire in the maintenance of Nynorsk among Norwegian adolescents. Akseptert for publisering i Sociolinguistica. | en_US |
dc.title | Språkskifte og språkbevaring på norsk: Elevar sine val av skriftspråk på ungdomstrinnet | en_US |
dc.title.alternative | Språkskifte og språkbevaring på norsk: Elevar sine val av skriftspråk på ungdomstrinnet | en_US |
dc.type | Doctoral thesis | en_US |
dc.description.version | acceptedVersion | en_US |
dc.rights.holder | © copyright Janne Sønnesyn | en_US |
dc.source.pagenumber | 223 | en_US |
dc.identifier.cristin | 2209264 | |
cristin.ispublished | true | |
cristin.fulltext | postprint | |