Leiing med fokus på mellommenneskelege prosessar
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/302221Utgivelsesdato
2015Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Når vi skulle velje tema til denne bacheloroppgåva var vi ikkje i tvil, vi ønskte meir kunnskap om mellommenneskelige relasjonar, og korleis ein som leiar kan skape motivasjon og engasjement til sine medarbeidarar. Dette var utgangspunktet for vår problemstilling Korleis jobbar pedagogisk leiar for å skape eit motivarande og godt psykososialt arbeidsmiljø?
Som nyutdanna kan ein møte ulike utfordringar på vegen, noko vi er klar over, men vi ønske å møte desse utfordringane på best mulig måte. Det er snakk om menneske, både barn, medarbeidarar og foreldre, det er snakk om relasjonar, samarbeid og fellesskap, å møte enkeltindivid med respekt og forståing med sine synspunkt og meiningar, men det handlar om så mykje meir enn det. Det handlar om å skape felles forståing og eit felles verdigrunnlag, om å endre holdningar for kanskje både seg sjølv og andre, det handlar om å påverke, og det handlar om å motivere, slik at alle skal oppleve glede og mestring i eit trygt og godt arbeidsmiljø. Det blir sagt at kvaliteten på det daglege samspelet mellom menneska i barnehagen er ein av dei viktigaste forutsetningane for barns utvikling og læring. Då er det vel slik, at menneska er den viktigaste faktoren for kvaliteten i barnehagen. Å være bevisst på konsekvensane av dette, er noko vi har dratt fram i oppgåva.
Beskrivelse
Bacheloroppgåve i pedagogisk leiing
SF3-312
Mai 2015