Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorEspe, Helga Renate
dc.contributor.authorIndrebø, Asgjerd
dc.date.accessioned2015-09-28T11:54:58Z
dc.date.available2015-09-28T11:54:58Z
dc.date.issued2015
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/302217
dc.descriptionBarnehagelærar FLU deltid Mai 2015nb_NO
dc.description.abstractI Stortingsmelding melding 41 (Kunnskapsdepartement, 2008-2009) kan vi lese at omsorg, læring, utvikling og danning er eit leiaransvar. Barnehagens formålsparagraf gir uttrykk for samfunnet sine normer og verdiar. Den seier og noko om kva barn skal få av opplevingar og kva dei skal i lære i barnehagen. Den stiller og krav til barnehagen sitt møte med barna og dei relasjonane vaksne og barn har til kvarandre. Dette pålegg dei som jobbar i barnehagen eit stort ansvar og då er pedagogane i ei særstilling. Stortingsmelding 41 (Kunnskapsdepartement, 2008-2009) skriv og ein del om kvalitet i barnehagen. Når vi snakkar om kvalitet meiner vi kva barna skal lære og korleis dei lærer det. Det er sagt noko om korleis kvaliteten på samspelet mellom barn – barn og vaksen – barn skal vere. Dei vaksne er modellar for barna og difor er det viktig at samspelet og relasjonen mellom dei vaksne er god. Barnehagen skal vere ein plass der barna får oppleve tryggleik, respekt og anerkjenning. Dette skjer i samspel med andre. Dette viser kor viktig det er å ha trygge, gode vaksne som er til stades for barna. Kvaliteten på samspelet mellom vaksne og barn påverkar både trivsel og læring. Rammeplanen (Kunnskapsdepartementet, 2011) slår og fast at nokon av barnehagen sin oppgåver er å gje barn omsorg. Den skal og skape nærleik og legge til rette for allsidig utvikling og læring. Barn kommuniserer korleis dei har det både kroppslig og ved hjelp av språk. Korleis dei opplever møte med andre, vil påverke deira oppfatning av seg sjølv. Det er difor viktig å understreke at barn må møtast med tillit og respekt. Det å bli tatt på alvor er viktig som motivasjon for læring og som grunnlag for å utvikle tillit både til seg sjølv og andre. Det er pedagogen sitt ansvar å sjå til at alle vaksne er bevisste dette ansvaret. Korleis vert dette gjort i praksis? Korleis rettleiar pedagogen det øvrige personalet slik at alle har lik forståing og lik praksis i møte med barna? Barnehagens pedagogiske kvalitet avheng ikkje berre av enkeltindivid, men er summen av felles forståing og handling. Vidare kan ein lese i rammeplanen: Barnehagen skal ha ein pedagogisk leiing. Styraren og den pedagogisk leiaren har eit særlig ansvar for å planlegge, gjennomføre, vurdere og utvikle oppgåvene og innhaldet i barnehagen. Dei er og ansvarlig for å rettleie personalet. (Kunnskapsdepartementet, 2011, s. 21) Vi vil difor finne ut korleis pedagogen leiar personalet i forhold til dette mandatet. Å gje tilbakemelding på arbeidsmetodar kan vere både vanskeleg og utfordrande, men og utviklande for den enkelte. Gjennom dette bachelorstudiet vil vi prøve å finne ut kva for ulike metodar og handlingsmønster som vert nytta i dette arbeidet. For å få svar må vi hente inn empiri, det vil seie data frå verkelegheita (Jacobsen, 2013). Vi vil forske litt på dette temaet og sjå om vi kan utvikle ny kunnskap som vi kan ta med oss vidare i arbeidet i barnehagen. Vi valde difor problemstillinga: Korleis arbeider pedagogar for å skape gode vaksen - barn relasjonar ?nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectpedagogisk leiingnb_NO
dc.subjectpedagogisk ledelsenb_NO
dc.subjectbarn-voksen relasjonernb_NO
dc.subjectrelasjonernb_NO
dc.titleOmsorg, læring, utvikling og danning eit leiaransvarnb_NO
dc.title.alternativeCare, learning, development and formation a managerial responsibilitynb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO
dc.source.pagenumber34nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel