Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorEike, Sander
dc.date.accessioned2022-09-22T09:18:23Z
dc.date.available2022-09-22T09:18:23Z
dc.date.issued2022
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3020606
dc.descriptionMaster i undervisingsvitskap med fordjuping i matematikk, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI)en_US
dc.description.abstractGjennom tidlegare erfaringar som matematikklærar, har eg sett at det finnes moglegheiter for å knyte matematikkfaget inn i tverrfagleg undervising gjennom problembasert undervising. I tillegg til fokus på både tverrfaglege tema og problemløysing som kjerneelement i LK20 (Kunnskapsdepartementet, 2019; Kunnskapsdepartementet 2017), vart hensikta med dette studiet lagt til kva faktorar som kan vere avgjerande for lærarar sin tilrettelegging av tverrfagleg undervising gjennom problembasert matematikkundervising. For å finne svar på problemstillinga: Kva moglegheiter og utfordringar ser to matematikklærarar med matematisk problemløysing i tverrfagleg undervising?, vart det utforma tre forskingsspørsmål: - Kva forståing har matematikklærarane av omgrepa "matematisk problemløysing" og "tverrfagleg undervising" i skulen? - Kva moglegheiter og utfordringar møter matematikklæraren ved å legge til rette for matematisk problemløysing og tverrfagleg undervising i skulen? - Kva positive og negative verknadar gir ein kombinasjon av matematisk problemløysing og tverrfagleg undervising for elevane? Det vart, gjennom eit kvalitativt forskingsintervju av to matematikklærarar, samla inn deira erfaringar og meiningar knytt til to forskingsfelt; matematisk problemløysing og tverrfagleg undervising. Forskingsdeltakarane er opptekne av å legge til rette for problemløysande matematikkundervising, og tverrfagleg undervising. Datamaterialet utgjer to transkriberte intervju Deltakarane identifiserer det å sikre fagleg utbyte for elevane, og tilpasse den utforskande undervisinga for elevmangfaldet, som utfordringar ved å kombinere matematisk problemløysing i tverrfagleg undervising. Faktorar som påverkar desse utfordringane er lærarsamarbeid, tidsmangel for lærarar, lite fokus på endringsarbeid, å motivere alle elevane, og utfordrande for lærarane å la elevane å undersøkje. Moglegheitene ved å kombinere arbeidsformene er eit auka fokus på eleven som aktiv deltakar i eigen læringsprosess og eit mål om heilskapleg forståing. Faktorar som påverkar moglegheitene er at undervisingsformene bygger på same læringssyn, dei gir moglegheiter for djupnelæring og matematikkfaget får vist heilskapen det bygger på.en_US
dc.language.isonoben_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleProblembasert matematikkundervising som nøkkel til matematisk tverrfagleg undervisingen_US
dc.title.alternativeProblem-based mathematics teaching as a key to mathematical interdisciplinary teachingen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMGUMA550en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal