Samhandling med pårørande – kunnskap hos helsepersonell
Abstract
Bakgrunn: Alderssamansetninga i befolkninga er i endring, og vi blir stadig fleire eldre. Med grunnlag i eit offentleg ansvar, er det frå politisk hald lagt føringar for nye måtar å nytte samfunnet sine samla omsorgsressursar. Målet er å sikre helsetenester av god kvalitet for framtida. Pårørande sin innsats som omsorgsgivar blir særskilt framheva. Samtidig er samhandlinga mellom helsepersonell og pårørande essensiell, for å sikre at omsorgsbelastninga ikkje blir for stor for pårørande.
Hensikta med denne litteraturgjennomgangen er å gjere greie for sentral kunnskap som helsepersonell kan ha nytte av i samhandling med pårørande til eldre heimebuande.
Metode: Denne kappa er ein litteraturgjennomgang med sentral forsking frå databasane MEDLINE, CINAHL og SveMed+.
Resultat/konklusjon: Samhandling mellom helsepersonell og pårørande er viktig for å kunne gi individuelt tilpassa støtte til pårørande. Helsepersonell sin kunnskap om og forståing av pårørande og pasienten sin situasjon er ein føresetnad for god samhandling. Denne litteraturgjennomgangen peikar på at helsepersonell kan ha nytte av opplæring innanfor omsorg til pårørande, og at helsepersonell treng meir kunnskap om kva som er helsetenesta sitt ansvar i samhandlinga med pårørande.
Description
MS1-307
Masteroppgåve i samhandling innan helse- og sosialtenester