Falske framstillingar og konkurrerande diskursar: Norsk okkupasjonshistorie i offentleg debatt
Abstract
Denne oppgåva undersøker korleis ulike populærkulturelle framstillingar av norsk okkupasjonshistorie 1940-1945 blir diskutert i offentleg debatt. Analysen tar for seg debattane rundt to TV-seriar og éi bok som gjekk føre seg i tidsrommet 2018-2021. Med veksande avstand til krigen, der det kommunikative minnet gradvis forsvinn, vil slike kulturelle minne vere sentrale i formidlinga av okkupasjonshistoria. Debattar rundt nyare framstillingar av okkupasjonshistoria kan dermed fortelje oss noko om måtar vi no, 77 år etter frigjeringa, diskuterer krigen på i Noreg. Med ein diskursanalytisk tilnærming, set studien søkelys på kva som blir diskutert i debattane og korleis, samt kvifor framstillingane skapar reaksjonar.
I analysen kartla eg fire hovudtematikkar som dei mest sentrale diskusjonsemna: Sannheit og fiksjon i framstillingane, nyansering og nye perspektiv, forskingsarbeidet bak framstillinga og på fagfeltet, og tolking av fortidige hendingar i notid. Studien diskuterer korleis ein deltakande historiekultur, der både faghistorikarar og andre som set historisk kunnskap på agendaen, bidrar til den allmenne historieforståinga. Mine funn viser at debattantane deltar med ulike formål, og rettferdiggjer sine argument på forskjellige grunnlag – etter ekspertise, interesse, erfaringar og opplevingar. Gjennom meiningsutveksling blir ulike syn på okkupasjonshistoria, og formidlinga av den, forsterka i desse debattane.
Konkluderande slår studien fast at sjølv med krigen på avstand vekker temaet stort engasjement, og er framleis ein viktig del av kulturen. Nye perspektiv av okkupasjonshistoria vert sett på som både viktig og riktig å framheve, men det er også desse som kan reknast som hovudårsaka for ueinigheitene. Dei delte meiningane handlar om korleis kjeldematerialet skal tolkast i arbeidet med nyanserande historiesyn, kva som skal forteljast og korleis det skal framstillast, og på kva premiss.
Description
Master i samfunnsfagdidaktikk, GLU 5-10, MGUSA550 Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag