Nytenking rundt bruk av overskotsvarme – Teknoøkonomisk undersøking ved bruk av overskotsvarme frå eit planlagd datasenter i Luster Kommune
Bachelor thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3017583Utgivelsesdato
2022Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Global auke i datatrafikk gir behov for nye store datasenter. Desse brukar mykje energi, særleg
til kjøling. Om lag 80-90 % av energiforbruket til eit datasenter kjem ut som overskotsvarme.
Denne varmen kan og bør nyttast vidare. I Luster kommune, nærmare sagt Hausamoen, har
Sognekraft ilag med andre interessentar uttrykt ynskje om å etablere eit 100 MW datasenter.
Plasseringa er omtrent 5 km frå Gaupne og er valt på grunnlag av Hausamoen sin gode tilgang
på rein og stabil kraft.
Dette fører til følgjande problemstilling: (I) Er det teknisk og økonomisk hensiktsmessig å nytte
overskotsvarme frå eit datasenter til oppvarming av Lustrabadet? (II) Er det mogleg å etablere
eit større fjernvarmenettverk i Gaupne basert på overskotsvarme frå datasenter? For å svare på
problemstillinga har vi nytta teori frå litteratur samt datainnsamling gjennom møter med
sentrale aktørar. Denne informasjonen har vi nytta i modelleringsverktøyet THERMOS, for å
designe eit fjernvarmenett for tre ulike scenario i Gaupne. Resultatet i prosjektet er:
Totalkostnaden for scenario 1 er 14,55 Mkr, med ei årleg prosentvis nytting på 0,2 %.
Totalkostnaden for scenario 2 er 17,55 Mkr, med ei årleg prosentvis nytting på 0,3 %.
Totalkostnaden for scenario 3 er 186,31 Mkr, med ei årleg prosentvis nytting på 6,1 %.
Ein får ein svært låg årleg prosentvis nytting av overskotsvarme frå datasenteret, uavhengig av
scenario. Datasenterets effekt er for høg samanlikna med kor mykje overskotsvarme Gaupne
kan nytte. Får ein ikkje nytte overskotsvarme, bør ein heller ikkje etablere eit datasenter.
Beskrivelse
FE403 Bacheloroppgåve i Fornybar Energi
Fakultet for ingeniør- og naturvitskap/Institutt for miljø- og
naturvitskap/Fornybar Energi
03.06.2022