Show simple item record

dc.contributor.authorSande, Tore Person
dc.date.accessioned2022-08-08T08:12:05Z
dc.date.available2022-08-08T08:12:05Z
dc.date.issued2022
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3010531
dc.descriptionGrunnskulelærar 5-10 med musikk Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI)en_US
dc.description.abstractDette er ei masteroppgåve i faget musikk ved Grunnskulelærarutdanning 5. – 10. på Høgskulen på Vestlandet. Oppgåva tek for seg klasseleiing i samspelsundervisning, med fokus på kommunikasjonen mellom lærar og elevar. Problemstillinga som oppgåva skal utforske er «Kva kjenneteiknar kommunikasjonen mellom læraren og elevane i innøving av samspellåtar på ungdomstrinnet?». Det har vore viktig for meg å arbeide med ei oppgåve som er praksisnær og som eg kan nytte i eigen praksis når eg er ferdig med lærarstudiet. Gjennom videoobservasjon som primærmetode har eg studert ein lærar og reflektert over kva eg ville gjort i same situasjon. Arbeidet tek form som ein casestudie, der eg gjennom tre observasjonstimar ser på kommunikasjonen i musikkundervisninga. Dette blir gjort på ein liten skule der musikk ikkje er eit høgt prioritert fag, og klassen består av 12 elevar og lærar. Ved bruk av kommunikasjonsteoriar, saman med teoriar frå sosialkonstruksjonisme har eg utforska kommunikasjonen mellom lærar og elevane. Eg analyserte observasjonane med utgangspunkt i ein modell for pedagogisk kommunikasjon (Byrne, 2005). Dei observerte hendingane er sortert i fire fasar: Modellering, Støtting, Vegleiing og Utfasing. Observasjonane vart delt opp i hendingar der kvar hending vart sortert til ein fase. Gjennom dei fire fasane har eg analysert bruken av kommunikasjonsformene musikalsk, verbal og non-verbal kommunikasjon, og kombinasjonar av formene. Gjennom arbeidet kjem det til syne at det er ikkje nokon kommunikasjonsform som er betre å nytte enn andre, men ein variasjon må til for å møte læringsbehovet til flest mogeleg elevar. Det å nytte verbal kommunikasjon i ei mindre grad kan ofte vere ein fordel, noko dei fleste undervisningsmodellane eg har nytta er samde om. Samspelsundervisning handlar om praktisk utøving av musikk, der modellering er ei undervisningsform som kan by på fordelar i å lære vekk komplekse musikalske aktivitetar.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleKommunikasjon i musikkfaget: Ein casestudie av ein lærar sin kommunikasjon i samspelsundervisningen_US
dc.title.alternativeCommunication in music: A case study of a teacher’s communication during music-making educationen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMGUMU550en_US


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Except where otherwise noted, this item's license is described as Navngivelse 4.0 Internasjonal