Kommunikasjon i musikkfaget: Ein casestudie av ein lærar sin kommunikasjon i samspelsundervisning
Master thesis
Åpne
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3010531Utgivelsesdato
2022Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Institutt for kunstfag [301]
Sammendrag
Dette er ei masteroppgåve i faget musikk ved Grunnskulelærarutdanning 5. – 10. på Høgskulen på Vestlandet. Oppgåva tek for seg klasseleiing i samspelsundervisning, med fokus på kommunikasjonen mellom lærar og elevar. Problemstillinga som oppgåva skal utforske er «Kva kjenneteiknar kommunikasjonen mellom læraren og elevane i innøving av samspellåtar på ungdomstrinnet?». Det har vore viktig for meg å arbeide med ei oppgåve som er praksisnær og som eg kan nytte i eigen praksis når eg er ferdig med lærarstudiet. Gjennom videoobservasjon som primærmetode har eg studert ein lærar og reflektert over kva eg ville gjort i same situasjon.
Arbeidet tek form som ein casestudie, der eg gjennom tre observasjonstimar ser på kommunikasjonen i musikkundervisninga. Dette blir gjort på ein liten skule der musikk ikkje er eit høgt prioritert fag, og klassen består av 12 elevar og lærar.
Ved bruk av kommunikasjonsteoriar, saman med teoriar frå sosialkonstruksjonisme har eg utforska kommunikasjonen mellom lærar og elevane. Eg analyserte observasjonane med utgangspunkt i ein modell for pedagogisk kommunikasjon (Byrne, 2005). Dei observerte hendingane er sortert i fire fasar: Modellering, Støtting, Vegleiing og Utfasing. Observasjonane vart delt opp i hendingar der kvar hending vart sortert til ein fase. Gjennom dei fire fasane har eg analysert bruken av kommunikasjonsformene musikalsk, verbal og non-verbal kommunikasjon, og kombinasjonar av formene.
Gjennom arbeidet kjem det til syne at det er ikkje nokon kommunikasjonsform som er betre å nytte enn andre, men ein variasjon må til for å møte læringsbehovet til flest mogeleg elevar. Det å nytte verbal kommunikasjon i ei mindre grad kan ofte vere ein fordel, noko dei fleste undervisningsmodellane eg har nytta er samde om. Samspelsundervisning handlar om praktisk utøving av musikk, der modellering er ei undervisningsform som kan by på fordelar i å lære vekk komplekse musikalske aktivitetar.
Beskrivelse
Grunnskulelærar 5-10 med musikk
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI)