Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBaraas, Sandra Elise Birkeland
dc.date.accessioned2022-08-05T10:49:24Z
dc.date.available2022-08-05T10:49:24Z
dc.date.issued2022
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3010343
dc.descriptionMasteroppgåve i norsk GLU 5-10 (MGUNO550) Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking Fakultet for lærarutdanning, kultur og idretten_US
dc.description.abstractFøremålet med masteroppgåva har vore å belyse, og analysere kva rolle fargar spelar i norskfaglege læreverk, med eit blikk på korleis fargebruk påverkar leseforståinga hjå elevar med fargesynssvakheit. Masteroppgåva omfattar to ulike kvalitative studiar: fyrst, ei undersøking om korleis fargar samspelar med andre modalitetar i samansette læreboktekstar frå Kontekst 8-10, Kontekst 8-10 Smart Bok og Fabel 9. Deretter, ei undersøking av korleis bruk av fargar i desse lærebøkene kan påverke leseforståinga til elevar med fargesynssvakheit. Masteroppgåva byggjer på ein todelt kvalitativ analyse, med utgangspunkt i teoriar om multimodalitet, samansette tekstar, semiotikk, fargebruk. Dette er ein lærebokanalyse supplert med ein innhaldsanalyse av intervju med tre informantar som har fargesynssvakheit. Lærebokanalysen fokuserer på funksjonell spesialisering, multimodal kohesjon og multimodal redundans. Intervjua supplerer lærebokanalysen med å få eit innblikk i korleis fargebruk i lærebøker påverkar leseforståinga hjå personar med fargesynssvakheit. Lærebokanalysen og innhaldsanalysen av intervjua syner at både Kontekst 8-10, Kontekst 8-10 Smart Bok og Fabel 9 har ein gjennomført bruk av fargar. Fargebruken i læreverka har klare funksjonar i det multimodale samspelet saman med andre modalitetar. I både lærebokanalysen og innhaldsanalysen kjem det fram at den multimodale redundansen spelar ei sentral rolle. Sidan modalitetane formidlar same informasjon på forskjellige måtar ser det ikkje ut til at fargane var avgjerande for forståinga av teksten. Bruken av lærebøker og digitale lærebøker er i stadig endring. Sjølv om det er meir fokus på digitalisering er lærebøkene framleis i bruk i skulen, og særskilt i norskundervisninga. Funna i oppgåva kan seie noko om kva ein bør sjå på knytt til val av undervisningsmateriale, for å sikre at elevar uavhengig av fargesynssvakheit forstår innhaldet i dei samansette læreboktekstane. Forhåpentlegvis kan kunnskapen i denne oppgåva bidra til at norsklærarar får meir kunnskap om betydinga av fargebruk i undervisning, og i større grad gjere undervisningsmateriale meir tilgjengeleg for elevar med fargesynssvakheit.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectlæreverken_US
dc.subjectmultimodal teksten_US
dc.subjectsamansett teksten_US
dc.subjectfargesynssvakheiten_US
dc.subjectleseopplæringen_US
dc.titleFargar sin funksjon i multimodal meiningsskaping i læremiddel: ein analyse med blikk for fargesynssvakeen_US
dc.title.alternativeColours’ function in multimodal meaning-making in textbooks: an analysis with an eye for those with colour vision deficiencyen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMGUNO550en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal