Ein studie av røykdykkarflasker
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/293937Utgivelsesdato
2015-07-30Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Denne oppgåva tar utgangspunkt i problemstillinga:
”Vil type pressluftflaske påverke forbruket av pusteluft?”
Det nyttast to typar pressluftflasker om bord på skip i dag. Stålflasker og komposittflasker. Vektforskjellen kan vere avgjerande for luftforbruket. Problemstillinga løysast ved hjelp av eit eksperiment. Hypotesane nytta for eksperimentet er:
H0 : Luftforbruket med pressluftflaske i stål og pressluftflaske i kompositt er det same. H1 : Luftforbruket med pressluftflaske i stål og pressluftflaske i kompositt er ikkje det same.
31 mannlege studentar blir rekruttert til å delta. Eksperimentet bestod av to testar på tredemølle, ikledd full røykdykkarkleding. Hastigheita var konstant, medan stigninga auka frå 4% og 12%. Dei to testane var som følgjer:
(1) Åtte minutt på tredemølle i 5,6km/t med komposittflaske.
(2) Åtte minutt på tredemølle i 5,6km/t med stålflaske.
Forbruket av luft lesast av. På bakgrunn av målingane bereknast resultatet. Resultatet visar ein signifikant forskjell på luftforbruk med dei to typane pressluftflasker. Forbruket med stål er signifikant større. Estimatet basert på målingane gjort under eksperimentet visar eit auka forbruk på mellom 12 og 33 % ved bruk av stålflaske. Gjennomsnittleg forbruk for både stål og kompositt vart og funne å vere langt høgare enn vegleiande forbruk. Tabell for vegleiande luftforbruk, funne i fagheftet for røykdykking frå Norsk Sikkerheitsorganisasjon, viste verdiar for fire tilstandar.
(1) Fullstendig kvile, 5-8 liter/min
(2) Gange, 10-25 liter/min
(3) Springing, 40-50 liter/min
(4) Springing i trapp, 60-90 liter/min
Ved gange på tredemølle i 5,6km/t nytta utvalet i snitt 82 liter/min med komposittflaske og 100 liter/min med stålflaske. Dette er langt høgare verdiar enn det tabellen tilseier. Det konkluderast med at verdiane frå tabellen ikkje lar seg overføre til utvalet.
Ettersom at røykdykking er en barriere, som hindrar eller avgrensar omfanget av brann, konkluderast det med at komposittflasker styrkar røykdykking som barriere.