Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSolås, Kristin
dc.date.accessioned2022-01-27T08:58:44Z
dc.date.available2022-01-27T08:58:44Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2879082
dc.description.abstractNoreg står ovanfor store utfordringar når det gjeld folkehelse og utvikling av sjukdom knytt til fysisk inaktivitet, usunt kosthald og tobakkforbruk. Desse utfordringane og føringar frå Samhandlingsreforma krev ei auka satsing på helsefremmande og førebyggande tiltak for å fremme folkehelsa. Eit viktig tiltak her kan vere frisklivssentralen, som er ei helsefremmande og førebyggande helseteneste. Frisklivssentralen kan bidra til å støtte livsstilsendring hos personar med auka risiko for, eller som alt har etablert kronisk sjukdom. Hensikta med studien var å få meir kunnskap om informantane sine erfaringar om kva faktorar som kan fremme livsstilsendring gjennom deltaking på ulike tilbod ved frisklivssentralen. Samtidig var det eit ønskje om å auke kunnskapen om korleis deltaking på frisklivssentral kan virke helsefremmande. Studien har eit kvalitativt design med ei fenomenologisk-hermeneutisk tilnærming til brukarane sine erfaringar med livsstilsendring. Det er gjennomført sju semi-strukturerte intervju frå tidlegare deltakarar ved frisklivssentralen henta frå ein frisklivssentral. Intervjua er analysert med systematisk tekstkondensering (STC). Gjennom analysen kom det fram fire resultatkategoriar; lågterskel tilbod som er tilpassa den enkelte, etablering av nye vaner, å vere del av eit fellesskap og glede av betre helse i kvardagen. Denne studien tyder på at viktige faktorar for å fremme livsstilsendring er tilpassa tilbod, hjelp til etablering av nye vaner og oppleving av tilhøyrsle og glede av betre helse. Det siste funnet var viktig for å auke den subjektive livskvaliteten. I tillegg var det viktig å fremme oppleving av kompetanse, tilhøyrsle og autonomi hos informantane, for å bidra til å fremme den indre motivasjonen som er sentral ved varig livsstilsendring. Vidare var det viktig å styrke meistringstru til deltakarane.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og sosialvitenskapen_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectLivsstilsendringen_US
dc.subjectfrisklivssentralen_US
dc.subjectfysisk aktiviteten_US
dc.subjectkvalitativ studieen_US
dc.subjectmotivasjonen_US
dc.subjectmestringen_US
dc.subjectselvbestemmelsesteorienen_US
dc.subjectmestringstroen_US
dc.subjectLifestyle changeen_US
dc.subjectHealthy living centeren_US
dc.subjectphysical activityen_US
dc.subjectqualitative studyen_US
dc.subjectmotivationen_US
dc.subjectself-efficacyen_US
dc.titleGlede over betre helse i kvardagenen_US
dc.title.alternativeThe joy of better health in everyday lifeen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMS1-306en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal