Show simple item record

dc.contributor.authorJohannesen, Lisbeth Merete
dc.date.accessioned2015-06-29T07:49:55Z
dc.date.available2015-06-29T07:49:55Z
dc.date.issued2015-06-29
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/285874
dc.description.abstractDei seinare åra har bruken av nettbrett som verktøy i skulen vore aukande. Spørsmålet har vore stilt om satsinga har vore forankra i skulen som verktøy for læring, eller om det å ta i bruk verktøyet er eit mål i seg sjølv. Som lærar i leseopplæringa i norsk grunnskule med utprøving av nettbrett i ein periode, har intensjonane med masteroppgåva vore å undersøka korleis andre lærarar vurderer nettbrett som verktøy i begynnaropplæringa i lesing, og kva dei legg til grunn for dei vala dei gjer. Rammeverket TPACK (Technological Pedagogical And Content Knowledge) har vore med på å synleggjera læraren sin kompetanse når digitale verktøy skal implementerast i undervisninga i begynnaropplæringa i lesing. TPACK vart også nytta som verktøy i presentasjonen av empiri og vurdering. Empirien i studien vart henta inn gjennom intervju med tre lærarar frå to skular med ulik satsing på bruk av nettbrett. Lærarane sine refleksjonar og vurderingar, og dokumenterte funn frå tidlegare forsking, viste at nettbrettet med sine eigenskapar og applikasjonar er eigna i begynnaropplæringa i lesing. Resultata i studien min viste at det i stor grad er dei lukka applikasjonane (drill og øving) som vart nytta for automatisering av lydar og bokstavar, som er grunnlaget for å læra å lesa. Dei meir skapande opne applikasjonane var i større grad i bruk i 2. trinn. Bruken av desse bidrog til å endra undervisninga, fordi det då vart behov for å bruka meir tid til å visa fram produkt elevane hadde laga. Samstundes viste studien at tilgangen til nettbrett, om elevane delte med fleire elevar eller hadde eigne, påverka kva applikasjonar som vart lagde vekt på. Resultata viste også at nettbrettet gjorde opplæringa lettare å tilpassa både til sterke elevar og dei som strevar. Elevane vart også raskare fortrulege med både dei store og små bokstavane, og nokre elevar skreiv seg til lesing. Studien konkluderer med at bruken av nettbrett har potensial til å endra begynnaropplæringa i lesing. For å lukkast med skulen si satsing på fagdidaktisk digital kompetanse, må skuleleiinga legga til rette for kompetanseheving i personalet.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.subjectIKTnb_NO
dc.titleNettbrett i begynnaropplæringa i lesing: Lærarar sine refleksjonar kring bruk av nettbrett i begynnaropplæringa i lesing på 1. og 2. trinnnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record