Skredfarevurdering for ny fjøs på Øvre Ljøsne, Lærdal kommune
Working paper
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/285145Utgivelsesdato
2015Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Den nye fjøsen til Jens Reidar Ljøsne ligg utanfor faresona for skred med årleg sannsyn på 1/1000. Flaum- og jordskred har lengst rekkevidde i området. I august i 2003 gjekk eit flaumskred utover terrassen på Øvre Ljøsne, og det kom vatn og slam ned terrasseskråninga mot tomta. Me finn at utlaupslengda for flaum- og jordskred ikkje vil kunna nå ned til fjøstomta. Skredmassane vil verta avsette øvst oppe på terrassen. Men vatn og slam frå flaumskreda vil kunna renna til terrassekanten og vidare ned i ravina og ned til vegen (E16), og vatn kan teoretisk nå ned til fjøstomta. Terrenget der fjøsen vert bygt bør difor hevast slik at det vert fall ned mot elva. På den måten vil flaumskredvatn frå terrassen over ikkje kunna renna inn i fjøsen, men drenera ned til elva.