Ei praxeologisk tilnærming til konstruksjonar av samfunnsvitskapleg viten
Peer reviewed, Journal article
Published version
View/ Open
Date
2021Metadata
Show full item recordCollections
- Import fra CRIStin [3813]
- Institutt for helse- og omsorgsvitskap [2920]
Original version
Boge, J. H. (2021). Ei praxeologisk tilnærming til konstruksjonar av samfunnsvitskapleg viten. Praxeologi – Et kritisk refleksivt blikk på sosiale praktikker, 3. 10.15845/praxeologi.v3i0.3161Abstract
I denne teksten vert kroppslege vask- og stell praksisar brukt som eksempel på korleis analyser av samspelet mellom individ og samfunn kan generere vitskaplege forklaringar på menneskelege handlingar. Det vil sei at ein tek utgangspunkt i den spesifikke, konkrete praktiske røyndomen som individa agerer i og forklarer posisjonerinagane i lys av det handlande subjektet sin posisjon med tilhøyrande disposisjonar, og i lys av det notidige og historiske sosiale feltet og rommet som handlingane finn stad i. Denne måten å konstruere vitskap om praksisar på, omtaler Bourdieu som praxeologi.
Praxeologiske studiar opererer ikkje med eit skapt skije mellom metode og teori, fordi det overordna teoretiske perspektivet er integrert i alle delar av ein studie. Om ein konstruerer viten i lys av Bourdieu sin praktikk-teori, slik ein gjer i denne teksten, vil denne teorien gjennomsyre datakonstruksjonen og dei praxeologiske analysane, uavhengig av om data er konstruert ved hjelp av intervju, observasjon, dokumentanalyser eller andre kvalitative og kvantitative metodar. Det vil sei at data ein generer ved hjelp av ulike metodar, ikkje er sanningar, men materiale som må analyserast i lys av teori.