Sanksjonar i vurderingsklede? Lærarar og leiarar si erfaring med å ta vekk karakterane i orden og åtferd ved to vidaregåande skular.
Abstract
Hovudformålet med oppgåva er å sjå på kva for praksisar og normer som kan komma i konflikt med kvarandre når nye tankar og handlemåtar knytt til eit forsøksprosjektet med å ta vekk karakterane i orden og åtferd, utfordrar den tradisjonelle og etablerte ordninga. Oppgåva ser også på om det å ta vekk karakterane i orden og åtferd kan sjåast på som ei så grunnleggjande endring i lærarane sine normer og praksisar at det kan kallast ei institusjonell endring. For å finna svar på problemstillinga blir det nytta intervju som kvalitativ metode. Kor funna blir sett i lys av institusjonell teori. Resultata viser at det er den byråkratiske logikken, som kjenneteiknar den etablerte praksisen med å setja karakterar på elevane sin orden og åtferd, som kan komma i friksjon med den uformelle relasjonslogikken som kjenneteiknar dei ny normene og praksisane som veks fram rundt arbeidet med elevane si sosiale læring. I denne studien er det relasjonslogikken som står sterkast, men element av den byråkratiske logikken har og oppslutning hos informantane i studien. Det blir av informantane i studien ikkje skildra store endringar i utøvinga av
lærarrolla, noko som kan tyda på at det eksisterer to institusjonelle logikar side om side i det norske skuleverket. Om forsøksprosjektet med å ta vekk karakterane i orden og åtferd med tida vil føra til ei institusjonell endring for heile det norske skuleverket står att å sjå.
Description
Masteroppgave i organisasjon og ledelse, Høgskulen på Vestlandet