Skredfarevurdering - kva kan kommunane sjølve gjere
Abstract
Formålet er å gje eit oversyn over kva som bør vera med i ei skredfarevurdering, og vurdere kor stor del kommunane sjølve kan gjere av dette arbeidet. Ei slik skredfarevurdering kan delast i: 1. Innsamling av grunnlagsmateriale som ulike kart og data. 2. Feltarbeid, og 3. Samanstilling og vurdering. Kommunane kan sjølve gjere mykje av del 1, og spare tid og utgifter. Pkt. 2 og 3 må gjerast av fagfolk som fyller krava i NVE sine retningsliner.
Aktsemdkarta for skred syner oftast for store areal som er skredutsette, og feltarbeid vil erfaringsmessig avgrense desse skredutsette areala. Lokalhistorie er eit viktig grunnlag for skredfarevurdering, då databasen skrednett ikkje har med alle hendingar, og heller ikkje areal med rekkevidde for skreda, men berre punktregistrering. Rapporten gir også eksempel, mest frå bratt terreng på Vestlandet, på skredtypar som går inn i ei skredfarevurdering.
Description
Notatnummer 8/14