Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorFelde, Ole Kristian
dc.date.accessioned2021-06-28T13:03:00Z
dc.date.available2021-06-28T13:03:00Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2761688
dc.descriptionMaster i Læring og undervisning Fakultetet for lærarutdanning, religion og samfunnsfag Innleveringsdato: 14.05.2021en_US
dc.description.abstractFøremålet med denne studien har vert å undersøke ei gruppe elevar i ungdomsskulen si oppleving av elevmedverknad i skulekvardagen og korleis elevmedverknaden påverkar motivasjonen deira. Med andre ord vil eg med denne studien få fram elevperspektivet på elevmedverknad. Det har blitt studert kva elevar legg i omgrepet elevmedverknad, kva type elevmedverknad elevane opplev, i kva grad dei opplev elevmedverknad og korleis elevmedverknad spelar inn på motivasjonen til elevane i skulekvardagen. Bakgrunnen for val av tema er ei interesse for tematikken, gjennom undervisning og erfaringar i praksis og ved vikarjobbing. Bakgrunnen for val av problemstilling er at eg meina det er viktig å løfte fram elevperspektivet kring tematikken. I tillegg viser Elevundersøkinga frå 2020/2021 at elevmedverknad og motivasjon skårar veldig lavt samanlikna med dei andre kategoriane. Dette til tross for at elevmedverknad er løfta ekstra fram dei siste åra i form av fagfornyinga, i tillegg til ei rekkje andre offentlege dokument. Med bakgrunn i dette er det interessant å studere om korleis elevane opplev elevmedverknaden og om det er ein samanheng mellom elevmedverknad og motivasjon hos elevane. Problemstillinga er difor blitt formulert slik: «Korleis opplev eit utval ungdomskuleelevar mogelegheita til å medverke i skulekvardagen sin og korleis opplev elevane at dette påverkar motivasjonen deira?I studien er det blitt brukt ein kvalitativ metode, kor det er blitt brukt fokusgruppeintervju for å samle inn datamaterialet. Kvart fokusgruppeintervju har bestått av fem medlemmer og det er blitt gjennomført to intervju, i tillegg til ein pilot. Datamaterialet består difor av intervju av 10 informantar. Funna viser at elevane har ei god forståing for kva elevmedverknad er og inneberer, i tillegg til kva rettigheiter dei har knytt til dette. Resultata viser at elevane opplev ulik grad av elevmedverking frå fag til fag og frå lærar til lærar. Elevane opplev størst grad av elevmedverknad hos kontaktlærarane deira og knytt til vurdering av undervisning. Resultata viser at elevane opplev ei langt mindre grad av elevmedverking knytt til planlegging og gjennomføring av undervisning. Funna i studien er blitt drøfta og målt opp mot Roger Hart og Harry Shier sine modellar for medverknad, i tillegg til Deci og Ryan sine teoriar om motivasjon.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectMedvirkningen_US
dc.subjectelevmedvirkningen_US
dc.subjectmotivasjonen_US
dc.subjectungdomsskolenen_US
dc.title“Når vi får være med å bestemme, so blir vi meir motiverte” : Ein kvalitativ studie om elevmedverknad og motivasjonen_US
dc.title.alternative“When we get to be part of the decision, we become more motivated” : A qualitative study of student participation and motivationen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.source.pagenumber74en_US
dc.description.localcodeMAS3-307en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal