Kartlegging av tidleg vokabularutvikling frå tre- til fireårsalder
Abstract
Bakgrunn og formål: Forsking har vist samanhengar mellom barn si tidlege vokabularutvikling og deira seinare lese- og skriveferdigheiter. Barnehagen har difor ei viktig rolle i arbeidet med å gje god språkleg støtte til barna, slik at dei kan utvikle potensialet sitt best mogeleg. For å kunne vite kven som treng ekstra støtte, må barna sitt språk bli kartlagd. Formålet med denne masterstudien har vore å undersøke vokabularutvikling i barnehagealder, og særleg få kunnskap om barna med svakast vokabularutvikling. Først ville eg undersøke i kva grad foreldrerapportert vokabularutvikling ved treårsalder, kan predikere barna sitt ekspressive og reseptive vokabular ved fireårsalder. Deretter undersøkte eg kva som kjenneteikna vokabularutviklinga hos dei svakaste barna i utvalet for å sjå dette opp mot risikofaktorar for å utvikle språkvanskar. Metode: Studien er ein kvantitativ, longitudinell studie som baserer seg på standardiserte testar for språkferdigheiter. 76 barn deltok i vokabulartesting ved tre- og fireårsalder. Ved treårsalder vart barna sine språkferdigheiter kartlagt ved hjelp av MacArthur-Bates Communicative Development Inventories (CDI) (Bates, Camaioni & Volterra, 1975), samt spørjeskjema som kartla barnet sine eventuelle risikofaktorar. Ved fireårsalder vart ekspressivt og reseptivt vokabular kartlagt ved hjelp av Bildebenemningstesten frå Wechsler Preschool and Primary Scales of Intelligence (WPPSI) (Wechsler, 1967) og The British Picture Vocabulary Scale (BPVS) (Dunn, Dunn, Whetton & Burley, 1997). Kartlegging ved fireårsalder vart gjennomført av fagpesonar utan tilknyting til barna. Data vart vidare plotta og analysert med regresjon og korrelasjonsanalyser i SPSS 27 (IBM, 2020). Resultat og konklusjon: Samla viser resultata signifikant samanheng mellom foreldrerapportert vokabularutvikling ved treårsalder, og ekspressivt og reseptivt vokabular ved fireårsalder. Dei fleste barna med svakast score ved treårsalder, låg framleis under gjennomsnittleg vokabularutvikling ved fireårsalder. Dette resultatet viser at det er stor grad av stabilitet i vokabularutviklinga, sjølv når språket er i ei rivande utvikling. Vidare vart det funne signifikante samanhengar mellom alder og vokabular ved treårsalder, men ikkje ved fireårsalder. I tillegg viste kjønn og barna som scora svakast på ekspressiv vokabulartest ein signifikant samanheng. Utover dette vart det ikkje funne signifikante forskjellar mellom kjønn eller risikofaktorar og vokabularferdigheiter. Foreldrerapportering av barn sitt ordforråd ved tre år, ser ut til å vere eit relevant reiskap til kartlegging av språkutviklinga og kunne indikere korleis vokabularutviklinga vil vere året etter, i tillegg til eventuell anna kartlegging.
Description
Master i spesialpedagogikk
Fakultet for lærarutdanning og idrett
25.04.2021