Show simple item record

dc.contributor.authorKvinge, Lars Malvin
dc.contributor.authorTangeraas, Aslaug
dc.contributor.authorOftedal, Bjørg
dc.date.accessioned2014-12-23T06:52:36Z
dc.date.available2014-12-23T06:52:36Z
dc.date.issued2014-12-23
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/273329
dc.description.abstractVåren 2012 starta Etne, Sauda, Suldal og Vindafjord på eit omfattande interkommunalt helsesamarbeid. Ein av målsettingane var å etablera nye førebyggjande tiltak som t.d. frisklivssentral. Ei av pasientgruppene med kroniske sjukdommar kor ein såg behovet for å betra tilbodet, var dei med type 2 diabetes. Ein valde derfor å starta opp med eit prosjekt for denne pasientgruppa der målet var å etablera eit interkommunalt, gruppebasert opplærings- og treningsprogram for personar med type 2 diabetes gjennom dei planlagde frisklivssentra i kvar av kommunane. Prosjektet vart organisert som eit formelt samarbeid mellom dei fire kommunane, Helse Fonna og Høgskolen Stord/Haugesund, og var i regi av FOUSAM. Hensikta med prosjektet var å utvikla kunnskap om eit interkommunalt gruppebasert lærings- og mestringstilbod for personar med type 2 diabetes, kan betra diabetesregulering og metabolsk kontroll. Det gruppebaserte treningsprogrammet gjekk over 12 veker med trening/undervisning 2 gonger pr. veke med ca. 90 minutts varighet. Kurset starta opp januar 2014. Innhaldet i kurset baserte seg på kunnskap frå erfaringsseminar og på dei nasjonale faglege retningslinene for opplæring i diabetes, utarbeida av Helsedirektoratet (Helsedirektoratet, 2009). I tillegg vart det gjennomført individuelle samtalar inspirert av motiverande intervju ved oppstart og ved avslutning av kurset. Hensikta var å kartlegga korleis deltakarene vurderte si eiga helse, diabetesregulering, samt vidare mål oppfølging. I prosjektet vart videokonferansar nytta til m.a.: Gruppebasert informasjon / undervisning frå endokrinolog ved Helse Fonna, kommuneoverlege frå ein av kommunane, overlege frå Universitetssjukehuset i Stavanger, fotterapeut og representant frå lokal Diabetesforening. Denne evalueringsrapporten indikerer at interkommunale gruppebaserte tiltak kan bidra til å betra diabetesreguleringa for personar som deltek i denne typen trenings- og mestringstiltak. Dei kvantitative funna gjev støtte til dei kvalitative funna kor mange rapporterte at tiltaket hadde ført til reduksjon i vekt, betre kondisjon og meir overskot i kvardagen, samt ei bevisstgjering kring samanhengen mellom fysisk aktivitet, kosthald og påverknad på blodsukker. Mange rapporterte at støtte frå helsepersonell og gruppa stimulerte til læring og mestring av diabetes, og gav dei «bestillarkompetanse» slik at dei i større grad kan ta kontroll over kva hjelp og kunnskap dei treng for å handtera sjukdommen. 5 EVALUERINGSRAPPORT «Å leve godt med diabetes» Helsepersonellet har fått auka sin kompetanse både på korleis det er å leva med type 2 diabetes, friskliv, læring og mestringsarbeid, inkludert metoden motiverande intervju. I tillegg har gruppebaserte kurs også vore ein ny og lærerik arbeidsmetode. Evalueringa gir også nokre implikasjonar for gruppebasert opplærings- og treningsprogram Både helsepersonellet og deltakarane ser behovet for vidare oppfølging av deltakerane etter avslutta kurs for å oppretthalda motivasjonen for livsstilsendringane. Å få til gode overgangar til treningstilbod i regi av frivillig sektor eller private aktørar, vil vera viktig i forlenginga av kurset. Ut frå prosjektet har kommunane no eit betre utgangspunkt for å etablera nye og permanente tilbod både for denne pasientgruppa og for andre aktuelle, noko som etter planen skal skje frå 2015. I tillegg har ein fått styrka det interkommunale samarbeidet og samarbeidet med spesialisthelsetenesta. At ein av kurshaldarane frå kommunane skriv si masteroppgåve i tilknyting til prosjektet, er også positivt, fordi det styrker kompetansen både innan fagområdet og innan utviklingsarbeidet.nb_NO
dc.language.isonobnb_NO
dc.titleÅ leva godt med diabetes: Gruppebasert trening og undervisning for personar med type 2 diabetes: Evalueringsrapportnb_NO
dc.typeWorking papernb_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record