Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHøyland, Brita
dc.date.accessioned2021-02-09T08:25:43Z
dc.date.available2021-02-09T08:25:43Z
dc.date.created2021-02-02T14:22:12Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.citationHøyland, B. (2021). Lærarars talespråklege praksisar i møte med andrespråkselevar: Ein studie av variasjon og refleksjon (Doktoravhandling). Høgskulen på Vestlandet, Stord.en_US
dc.identifier.isbn978-82-93677-35-2
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2726752
dc.description.abstractDenne avhandlinga er ein kvalitativ studie av lærarars talespråklege praksisar i andrespråksundervisning. Avhandlinga søkjer å forstå og få innsikt i dei språklege praksisane lærarar nyttar i møte med elevar som har norsk som sitt andrespråk, gjennom å undersøkja (i) kva for norsk talespråkleg variasjon lærarane har, (ii) korleis møte med elevane kan forma variasjonen, og (iii) korleis språkideologi kjem til uttrykk gjennom læraranes variasjon og refleksjon. Studien har trekk frå både kasusstudiar og studiar innanfor lingvistisk etnografi. Sosiolingvistiske perspektiv, primært akkommodasjonsteorien og teoriar om språkideologi, bidrar til auka kunnskap om individuelle språklege val. Avhandlinga forstår dei språklege praksisane som forma både av møte med elevane i ein spesifikk andrespråksdidaktisk kontekst og av språkideologiar som konkurrerer på dei ulike samfunnsnivåa (makro, meso og mikro) innanfor det norske språkfellesskapet. Datamaterialet er samla inn ved ein ungdomsskule på Sørvestlandet, der andrespråkselevane, dvs. elevar i innføringsklassen og dei fleste av elevane som har særskilt norskopplæring (i sno-grupper), har nynorsk som opplæringsspråk. Del 1 av datamaterialet inneheld observasjonar og videoopptak av tre lærarars talespråklege praksisar i undervisningsøktene. Del 2 av datamaterialet inneheld individuelle semistrukturerte intervju med dei same lærarane. Ein sentral del av intervjuet er videostimulert refleksjon, der lærarane kommenterer eigen språklege variasjon. Dei tre lærarane har ulik dialektal bakgrunn frå Noreg, og dette viser seg i ulike individuelle trekk ved variasjonspraksisane. Felles for læraranes språklege praksisar er at dei er kjenneteikna av intraindividuell variasjon innanfor alle språknivåa, kategorisert som fonologisk, morfologisk, syntaktisk og leksikalsk variasjon. Variasjonen er hovudsakleg analysert på aksen dialekt–skriftnær tale. Analysane viser at kvar lærars talespråklege variasjon inneheld både dialektale og skriftnære variantar. Lærarane nyttar mange av variantane som er tilgjengelege i norsk. Variantar som førekjem, er typisk overregionale og skriftnære former i variasjon med dialektale variantar som representerer lærarens dialektbakgrunn og/eller det aktuelle lokalsamfunnets dialekt. Variasjonen opnar for spørsmålet om kva for norske variantar og talemålsvarietetar som har størst symbolsk verdi på den lingvistiske marknaden. Det er mange og komplekse svar på dette, som inkluderer språkideologiske motsetningar. Intervjuanalysen fokuserer hovudsakleg på læraranes oppfatningar og refleksjonar kring språklege tilpassingar til elevane og haldningar til bruk av skriftnær tale og dialekt i andrespråksundervisninga. Lærarane er jamt over umedvitne om deira eigen språklege variasjon, dette er noko som «berre skjer», og dei nyttar folkelingvistiske karakteristikkar som «bokmål» og «pent», jamvel når fellesformer for nynorsk og bokmål er nytta. Eigen språkbruk er ikkje del av læraranes didaktiske planlegging. Det metaspråklege fokuset på norskspråkleg variasjon førekjem difor spontant i undervisninga, og ofte elevinitiert. I intervjuet uttrykkjer lærarane positive haldningar til variasjonen dei oppdagar i videoutdraga, men dei uttrykkjer også tvil om den talespråklege variasjonen er positiv eller negativ for elevane. Funna i denne studien skil seg frå funn i andre studiar. Tidlegare forsking har vist at det mest brukte språket i denne typen undervisning er bokmålsnært talemål. I denne studien er det dialektale meir dominerande, og variasjonen inneheld både dialektale og skriftnære trekk. Nynorsk som opplæringsspråk ser ut til å vera ein døropnar for den komplekse talemålsvariasjonen i denne samanhengen. Innsiktene frå dette forskingsprosjektet kan ha implikasjonar for lærarutdanninga. Ei tilråding er å øva opp studentanes refleksivitet knytt til eigne språklege praksisar. Øvingar som inneber refleksjon knytt til det didaktiske potensialet som ligg i eventuelle variasjonspraksisar i andrespråksopplæring, er særleg relevante.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.subjectNorsk som andrespråken_US
dc.subjectNorwegian as second languageen_US
dc.subjectSosiolingvistikken_US
dc.subjectSociolinguisticsen_US
dc.titleLærarars talespråklege praksisar i møte med andrespråkselevar. Ein studie av variasjon og refleksjonen_US
dc.typeDoctoral thesisen_US
dc.description.versionpublishedVersionen_US
dc.rights.holder© copyright Brita Høylanden_US
dc.subject.nsiVDP::Nordiske språk: 018en_US
dc.subject.nsiVDP::Nordic languages: 018en_US
dc.source.pagenumber418en_US
dc.identifier.cristin1885918
cristin.ispublishedtrue
cristin.fulltextoriginal


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel