Å velje eit minorisert språk: mellom språkpolitiske ideal og språkleg realitet
Peer reviewed, Journal article
Published version
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2725827Utgivelsesdato
2020Metadata
Vis full innførselSamlinger
Originalversjon
Thingnes, J. S. (2020). Å velje eit minorisert språk: Mellom språkpolitiske ideal og språkleg realitet. Maal og Minne, 112(2), 127–168.Sammendrag
Artikkelen tek føre seg Høgskulen på Vestlandets (HVL) avgjerd om å ha nynorsk som hovudspråk og korleis vedtaket vart grunngjeve og konkretisert då institusjonen utarbeidde språkpolitiske retningslinjer. Artikkelen drøftar kva som skjer i det språkpolitiske spenningsfeltet mellom ideal og realitet, og han synleggjer avvegingar og diskursar om nynorsk. Materialet er samla inn ved å observere arbeidet med å utvikle retningslinjene. Det består primært av intervju, observasjon, høyringssvar og endelege retningslinjer for institusjonen. Analysen kombinerer etnografisk orientert diskursanalyse og språkpolitisk etnografi, og datamaterialet vert studert i lys av teoriar om språkleg autentisitet, legitimitet og språkplanlegging (særleg Woolard 2005; Mæhlum 2007; van Leeuwen 2007). Artikkelen syner korleis nynorsk er del av ein minoritetsspråksdiskurs der språkval stadig må forklarast og forsvarast. Vidare syner han korleis HVL kan vere med på å oppretthalde og endre det bildet av nynorsk som gjorde det naudsynt å forsvare språkvalet i første omgang.