Skulen som språkplanleggar: Kva seier ungdomsskuleelevar om vilkåra for å læra nynorsk som hovudmål?
Peer reviewed, Chapter
Published version

View/ Open
Date
2020Metadata
Show full item recordCollections
Original version
Sønnesyn, J. (2020). Skulen som språkplanleggar: Kva seier ungdomsskuleelevar om vilkåra for å læra nynorsk som hovudmål? I G. K. Juuhl, S. J. Helset & E. Brunstad (Red.), Vilkår for nynorsk mellom barn og unge (s. 203–233). 10.23865/noasp.106Abstract
Denne studien fokuserer på rolla skulen og læraren spelar for dei skriftspråksvala som elevar på 10. trinn gjer. Føremålet er å drøfta på kva måte skulen fungerer som ein språkleg stillasbyggjar for nynorskelevar, og granskinga er tufta på data frå spørjegranskingar og fokusgruppeintervju med elevar frå kommunane Ål, Os og Tysvær. Elevane rapporterer jamt over at skulen er ein viktig nynorskarena, men fleire peikar samstundes på at opplæringa ikkje gjev den naudsynte støtta for at dei skal verta kompetente og trygge språkbrukarar. Det elevane rapporterer om eigen opplæringskvardag, vert drøfta i lys av både teoriar om språktileigning og språkplanlegging, samt teoriar om kvalitetsarbeid i skulen. Funna peikar i retning av ei usystematisk tilnærming til arbeidet med skriftspråksopplæring, og indikerer også ein utyde