Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorIngvaldsen, Sofie Tislavoll
dc.contributor.authorTorkelsen, Helene
dc.date.accessioned2020-09-14T07:58:45Z
dc.date.available2020-09-14T07:58:45Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2677544
dc.descriptionMasteroppgåve i kreative fag og læreprosessar, fagprofil kunst og handverken_US
dc.description.abstractÅ oppdage opplevinga av meg saman med deg - ein kollektiv estetisk læreprosess er ei kunstnarisk forsking i kreative fag og læreprosessar. Utgangspunktet for forskinga er vår erfaring av at estetisk verksemd kan opne eit moglegheitsrom for dialog med eigne kjensler og auke medvita over korleis ein forstår seg sjølv. Me undersøkjer kva me kan oppdage om eiga sjølvkjensle i ein kollektiv estetisk læreprosess. Med dette forskar me på oss sjølv saman med kvarandre. Me støtter oss til Martin Heidegger sin fortolkande fenomenologi og plasserer oss mellom fenomenologisk og hermeneutisk vitskapssyn. Forskinga er prega av eit konstruktivistisk læringssyn med fokus på adaptasjonsteorien til Jean Piaget. I det teoretiske perspektivet på estetiske prosessar trekk me fram mellom anna Michael Polanyi, Mihaly Csikszentmihalyi, Malcolm Ross, Donald W. Winnicott, Kristen Drotner, Janek Szatkowski Teori knytt til sjølvkjensla hentar me frå Guro Øiestad og Jesper Juul. Me strukturerte vår skapande forsking ut frå Bennye D. Austring og Merete C. Sørensen sin grunnmodell for igangsetting av kollektive estetiske læreprosessar. Gjennom den skapande prosessen arbeida me individuelt ut frå felles tema og kommuniserte skriftleg i brev. Med ei konseptuell tilnærming til prosessen leia konseptet oss til multimodale uttrykk beståande av poetiske tekstar og performative fotografi. Vår kunstnariske forsking gav ei nærleik til eigne liv, med det møtte me utfordringar med å skilje mellom kva for oppdagingar me kunne nytte som forskingsmateriale og kva som vart for personleg. Med å forske kunstnarisk i kollektiv fann me støtte i å sortere fram noko allment i oppdagingane våre. Gjennom prosessen vart me leia til oppdagingar av umedvitne kjensler, som igjen leia oss til auka forståing av eiga sjølvkjensle. Eit sentralt funn frå forskinga er at me kom i kontakt med kjenslene våre då me let oss improvisatorisk leie av kjenslege inntrykk i dialog med material og teknikk. Resultatet frå forskinga er nært knytt til våre subjektive erfaringar i prosessen, av den grunn er forskingsresultatet form av at det var akkurat me som gjennomførte denne forskinga.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskolen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleÅ oppdage opplevinga av meg saman med deg: Ein kollektiv estetisk læreprosessen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMACREL-OPGen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal