Steinsprangrisiko langs gang- og sykkelvegen ved Stedjeberget, Sogndal
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2676544Utgivelsesdato
2020Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Til liks med mange norske vegar er rv. 13 (tidlegare rv. 55) mellom Sogndal og Leikanger i Vestland fylke svært skredutsett. For å unngå ei av dei mest skredutsette strekningane vart Stedjebergtunnelen opna i 2007. Den gamle vegen på utsida av tunnelen vart omklassifisert til kommunal veg fram til på Skjersnes og vinterstengd gang- og sykkelveg frå Skjersnes til Rubbeskallen, og er framleis i bruk, trass i at det stadig går steinsprang langs vegen. For å vurdere kor stor risikoen for steinsprang er, og om den er akseptabel, vart det undersøkt kva som er dei viktigaste faktorane for utløysing av steinsprang ved Stedjeberget, og korleis steinsprangfrekvensen varierer gjennom året. Dette vart gjort ved hjelp av instrument som målar temperatur i fjelloverflata, lufttemperatur og lufttrykk. Desse målingane vart samanlikna med resultata frå manuell registrering av steinsprang. Det vart òg sett opp ein trafikkteljar for å kartlegge kor mykje vegen er brukt, korleis trafikken varierer gjennom året og kor stor trafikken er når det går flest steinsprang. Det vart òg gjort ei vurdering av korleis risikoen for steinsprang blir formidla til dei som nyttar vegen.
Resultata viser at vegen er mest i bruk om våren, sommaren og hausten, og minst midt på vinteren. Mest nedbør i løpet av eitt døgn vart målt i slutten av desember, og indikasjonar på fryse-tine-syklar vart registrert i slutten av februar. I begge tilfelle var det registrert svært mange steinsprang i etterkant. Dette tyder på at dei viktigaste årsakene til steinsprang ved Stedjeberget er fryse-tine-syklar og intens nedbør. Dette betyr at steinsprangfrekvensen mest truleg vil endre seg med klimaendringane, ettersom dei utløysande faktorane er avhengig av vêr. Dessutan vil klimaendringane føre med seg endringar i vêrmønsteret. I tillegg vil dei primære årsakene til steinsprang endre seg når temperaturen stig; truleg vil intens nedbør, gjerne saman med snøsmelting, bli viktigare for utløysing av steinsprang i lågtliggande område, medan fryse-tine-prosessar vil vere viktig høgare i fjellet, også stader dette ikkje har vore vesentleg tidlegare.
Med utgangspunkt i byggteknisk forskrift (TEK17) er risikoen for steinsprang for høg slik den er i dag, med årleg nominelt skredsannsyn på 1/10 mot det akseptable 1/100. Det største sannsynet for steinsprang er om vinteren, når vegen langs Stedjeberget er stengd. Om risikoen overstig dette sannsynet når vegen er open, bør difor vurderast nærmare.
Risikoen for steinsprang blir ikkje formidla tydeleg. Gjennom intervju med folk som nyttar vegen kjem det fram at det heller ikkje er alle som er klar over at vegen er stengd om vinteren, sjølv om
ein del er klar over at det under nokre forhold er ein viss risiko for steinsprang. Nokre desse vel å bruke vegen likevel.
Beskrivelse
Masteroppgåve i Climate Change Management (Planlegging for klimaendringar)
Institutt for miljø- og naturvitskap, Fakultet for ingeniør- og naturvitskap
HØGSKULEN PÅ VESTLANDET
Sogndal
[juni 2020]