Tilsyn med barnehagar: Ein kvalitativ studie om korleis kommunen handterer rolla som tilsynsmyndigheit og korleis barnehagar opplever til
Abstract
Tema for denne kvalitative studien er tilsyn med barnehagar. Staten har pålagt kommunar ansvaret for å føre tilsyn med barnehagar. Måten tilsyn er organisert på i den norske barnehagesektoren har blitt skildra som ein anomali. Det utypiske ved forvaltningsmodellen som vert brukt i barnehagetilsyn er at eigar- og kontrollørfunksjon er integrert. Konkret betyr dette at kommunar som eig og driv omtrent halvparten av barnehagane i Norge, samtidig står ansvarleg for å føre tilsyn med andre barnehageeigarar.
For å opparbeida kunnskap om korleis kommunar handterer rolla som barnehagemyndigheit og korleis barnehagar opplever tilsyn, har eg i denne studien gjennomført intervju med representantar for barnehagemyndigheita og styrarar i kommunale og private barnehagar i tre kommunar. Funn i studien syner at det er gjennomført tilsyn i alle desse barnehagane løpet av dei fem siste åra, men at det ikkje er lagt risikovurderingar til grunn for val av barnehage det skal førast tilsyn med. Informantane frå barnehagane opplever ikkje tilsyn som ein læringsarena, men som positive møte med barnehagemyndigheita. Samtidig etterlyser dei tydelegare føringar og rammer for tilsyn. Studien syner at lovlegheitskontroll er det mest sentrale element ved gjennomføring av tilsyn med barnehagar, og det verkar som om det herskar eit uformelt og gjensidig ønske om harmoni i måten tilsyn vert gjennomført på. Vidare syner funn frå studien at tilsyn med barnehagar ser ut til å bli ført «bak lukka dører», og det varierer mellom barnehagane kva dei nytter tilsynsrapportane til. Både barnehagane og barnehagemyndigheita meiner å sjå at det er motparten som lærer mest av tilsyn. Funn i denne studien vert forstått og diskutert ved hjelp av teori om tilsyn, tilsynsroller, læring og kvalitet.