Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorStrandos, Tonje
dc.date.accessioned2020-08-20T10:03:35Z
dc.date.available2020-08-20T10:03:35Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2673165
dc.description.abstractTemaet i dette prosjektet er leiarar og medarbeidarar i kommunale sjukeheimar og i heimesjukepleia si avvikshandtering. Kvalitets- og pasientsikkerheitsarbeidet i helse- og omsorgstenesta har dei seinare åra fått ei sterkare organisatorisk forankring nasjonalt. Førebygging av uynskte hendingar er ein viktig del av dette arbeidet. Uynskte hendingar fører til menneskeleg liding for pasientar, brukarar og pårørande. Helsepersonell vert òg ramma av hendingane. Avviksmeldingar har til hensikt at organisasjonen skal forbetre kvaliteten og tryggleiken i helsetenesta gjennom å lære av feil. Undersøking har vist at det er ei underrapportering av avvik i den kommunale helse- og omsorgstenesta og at førekomsten av uynskte hendingar ikkje er kjent. Prosjektet har som føremål å sjå på om ulikskapar i oppfatninga av avvik og avvikshandtering blant leiarar og medarbeidarar kan forklare eventuell svikt i avvikshandteringa i kommunale sjukeheimar og i heimesjukepleia. Følgjande problemstilling vart utforma for dette prosjektet: «Føremålet med denne undersøkinga er å sjå korleis leiarar og medarbeidarar i sjukeheimar og i heimesjukepleia oppfattar avvik og avvikshandtering» Prosjektet har eit kvantitativ forskingsdesign. Datamaterialet vart henta frå ei elektronisk spørjeundersøking som vart gjennomført i perioden 4. mars til 25. mars 2019. Til saman har 289 leiarar og medarbeidarar i sjukeheim og i heimesjukepleia i 10 kommunar svart heilt eller delvis på undersøkinga. Arbeidet byggjer på ein hypotetisk modell og analyseramme som er inspirert av valte teoretikarar innan organisasjonsteori. I hovudsak er det brukt deskriptive analysar i analysen av datamaterialet. I tillegg vart det utført bivariate analysar i form av korrelasjonsanalysar. Hovudfunna i undersøkinga viser at leiarar og medarbeidarar i stor grad melder avvik som dei sjølve er involvert, men òg avvik som dei ikkje direkte er involvert i. Leiarane opplev fleire avvik i løpet av ein månad enn medarbeidarane, og fleire leiarar enn medarbeidarar opplev i stor grad at avvik vert brukt til grunnlag for forbetringar. Leiarar og medarbeidarar ser på avvik som hendingar som får ein negativ konsekvens for ein pasient eller tilsett, og skårar høgt på at det er viktig å melde avvik for å lære av feil og forhindre at pasientar vert skada. Medarbeidarane vektar at god avvikshandtering er når avvik vert drøfta, at dei i fellesskap kjem fram til forbetringstiltak og at det vert sett i verk tiltak for å forhindre at nye, liknande hendingar skjer igjen. Vidare vart det funne at fleire leiarar enn medarbeidarar oppfattar at avvik er hendingar som fører til nestenuhell på personalet. Fleire leiarar enn medarbeidarar vektar at det er viktig å melde avvik fordi dette viser ansvarlegheit, kunnskap, evne til å evaluere seg sjølv og at rapportering av avvik bidreg til at den faglege bevisstheita aukar. Medarbeidarane vektar dårleg tid, at avviket vart ordna opp i på vakta og at det ikkje skjer noko med avviket som årsaker til å ikkje rapportere avvik. Det vart funne sterke samanhengar mellom leiarpåverknad og kultur for læring, mellom struktur for avvikshandtering og kultur for læring og mellom leiarpåverknad og struktur for avvikshandtering. Det er behov for ytterlegare forsking på temaet avvikshandtering i den kommunale pleie- og omsorgstenesta, for å kunne gje meir presise svar på kva faktorar som er fremjande og hemmande på avvikshandteringa.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandet, Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap. Institutt for samfunnsvitskap.en_US
dc.titleAvvikshandtering i den kommunale pleie- og omsorgstenestaen_US
dc.title.alternativeHandling adverse event in the municipal care serviceen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200en_US
dc.source.pagenumber76 + 8 vedleggen_US
dc.description.localcodeMR691en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel