Show simple item record

dc.contributor.authorSunde, Birgitte
dc.date.accessioned2020-08-10T08:53:43Z
dc.date.available2020-08-10T08:53:43Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2671288
dc.descriptionMaster i undervisningsvitskap, fordjuping i norskdidaktikk, Campus Bergenen_US
dc.description.abstractTemaet for masteravhandlinga er alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK), målformer og identitet. Personar med behov for ASK er born, unge og vaksne som må nytte andre uttrykksformer enn tale i direkte kommunikasjon med andre. Formålet med oppgåva er å finne ut kva målform har å seie for identiteten til ASK-brukarar som nyttar det tekniske kommunikasjonshjelpemiddelet Tobii. Hypotesen er formulert slik: Nynorskbrukarar som er avhengige av augestyrte kommunikasjonshjelpemiddel, får ikkje nytte eiga målform i kommunikasjon. Dette får konsekvensar for identiteten deira. I lys av formålet med oppgåva er det nytta kvalitative forskingsmetodar til innsamling av datamaterialet. Det er gjennomført to ikkje-deltakande observasjonar og to semi-strukturerte intervju. Utvalet består av to ASK-brukarar og mødrene deira. Studien har eit komparativ fokus, med samanlikning av éin nynorskbrukar og éin bokmålsbrukar. Det innsamla datamaterialet har vorte analysert gjennom deskriptive analysar, der tre hovudområde vart identifiserte: ASK, målform og identitet. Resultata viser at ASK-brukarane med nynorsk som målform ikkje får nytte eiga målform i Tobii, medan brukarane med bokmål som målform får nytte eiga målform. Tobii er produserert med innhald på bokmål, men maskinene tillét at nynorskbrukarane har mogelegheita til å redigere alt av innhald og oppsett til nynorsk, noko som er svært omfattande og difor i liten grad vert gjort. Hypotesen tok utgangspunkt i at det berre var nynorskbrukaren sin identitet som vart påverka av det tekniske kommunikasjonshjelpemiddelet, men resultata frå undersøkinga viser at identiteten til både nynorskbrukaren og bokmålsbrukaren vert påverka. Til dømes representerer ikkje talesyntesen i hjelpemiddelet den talemålsvarianten verken nynorskbrukaren eller bokmålsbrukaren ville ha snakka dersom dei hadde funksjonell tale. I tillegg er talesyntesen berre tilgjengeleg med barne- og vaksenstemme, noko som tyder at på ulike stadium i livet vil ASK-brukarane vere nøydde til å nytte stemmer som ikkje er representative for den alderen dei er i. Undersøkinga viser difor at det er fleire faktorar enn berre målform som er med på å påverke ASK-brukarane sin identitet.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.title«Å ha med seg eit språk»: Ein komparativ studie av alternativ og supplerande kommunikasjon for born med ulike målformer.en_US
dc.title.alternative«To bring along a language»: A comparative study of augmentative and alternative communication for children with different language forms.en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.source.pagenumber124en_US
dc.description.localcodeM120UND509en_US


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Except where otherwise noted, this item's license is described as Navngivelse 4.0 Internasjonal