Kartlegging av ernæringsmessig risiko til pasientar med kols
Bachelor thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2671066Utgivelsesdato
2020Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Tittel
Kartlegging av ernæringsmessig risiko til pasientar med kols
Bakgrunn for val av tema
Kols er ein alvorleg sjukdom og i 2018 hadde omlag 150 000 menneske over 40 år kols i Noreg. 25-40% av pasientar med alvorleg kols er underernærte. Studiar visar at 20-60% av heimebuande som motteke heimesjukepleie, er underernærte eller i fare for å bli det. På landsbasis i 2018 hadde 15,7 % av pasientar frå 67 år og eldre blitt vurdert for ernæringsmessig risiko av heimesjukepleien. Underernæring aukar risikoen for komplikasjonar, redusera motstand mot infeksjonar, forverrar fysisk og mental funksjon, redusera livskvalitet, forsinkar rekonvalesensen og gir auka dødelegheit. Førebygging av underernæring er eit av innsatsområda i pasienttryggleiksprogrammet «I trygge hender 24-7».
Problemstilling
Korleis kan ein som sjukepleiar kartlegge ernæringsmessig risiko til pasientar med kols som motteke heimesjukepleie?
Framgangsmåte
I denne bacheloroppgåva er litteraturstudie nytta som metode. Det er blitt samla inn litteratur frå bøker og forskingsartiklar ved å søke i ulike databasar. Forskingsartiklar er vurdert kritisk med hjelp frå sjekklistene til nettsida kunnskapsbasertpraksis. Eg har òg nytta mine eigne erfaringar og observasjonar frå klinisk praksis.
Oppsummering
Det kjem fram i forskingsartiklar og litteratur at helsepersonell meina at ernæringskartlegging til pasientar med kols er viktig, men at det ikkje alltid blir følgd opp. Studiar visar at kartlegging av ernæringsmessig risiko i heimesjukepleien er blitt betre, men at utfordringar som tid, kunnskap og ressursar er noko ein må jobbe vidare med. Ein treng ei tydleg leiing og gode kartleggingsrutinar. Eit godt samarbeid mellom pasient, sjukepleiar og leiing er viktige faktorar for å utføre kartlegging av ernæringsmessig risiko til pasientar med kols i heimesjukepleien.