Show simple item record

dc.contributor.authorFunderud, Heidi Matre
dc.date.accessioned2020-07-06T08:00:51Z
dc.date.available2020-07-06T08:00:51Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2660776
dc.descriptionMaster IKT i læring, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI) / Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfagen_US
dc.description.abstractVåren 2016 arbeidde eg saman med ei studieveninne på ei bacheloroppgåve om bruk av digitale verktøy i matematikkundervisninga (Sjo & Funderud, 2016). Etter fullført arbeid, ønska eg å forske vidare på funn me gjorde i dette arbeidet . Me hadde forska på korleis ein kunne gjennomføre variert matematikkundervisning på mellomtrinnet med iPad. Dette var eit svært engasjerande arbeid, og eg kjende at dette ville eg finne ut meir om. Undervegs i arbeidet med bacheloroppgåva, byrja eg å tenkje på korleis læraren kunne gi tilbakemeldingar på arbeidet elevane gjorde. Som ei avslutting på arbeidet med bacheloroppgåva vår formulerte me ei ny problemstilling for eit vidare arbeid, «korleis leggje opp til ein god kommunikasjonsveg mellom lærar og elev som gjev eit godt fagleg utbytte for begge partar?». Det er dette som var byrjinga på masteroppgåva for meg. Eg gjorde nokre endringar på problemstillinga: «Korleis kan læraren legge opp til variert undervisning i matematikk der elevane nyttar seg av digitale artefakter som kan kople auditive og visuelle arbeidsmetodar, og sjølv nytte det same verktøyet for vurderingar og tilbakemeldingar?». Etterpå formulerte eg nokre passande forskingsspørsmål rundt korleis ein kan nytta auditiv og visuell støtte som verktøy for vurdering i undervisninga, i tilbakemeldingar på elevarbeid, og som eit verktøy for samarbeid. Målet med masteroppgåva mi er å finne gode kommunikasjonsvegar der lærar og elev kan kommentere og rettleie for å auke læringsutbyta hos elevane. Korleis kan slik vurdering gjennomførast med desse digitale verktøya på ein enkel og effektiv måte? Finst det nokre applikasjonar som kan lette kommunikasjonsvegen mellom lærar og elevar og lærar-elev? Og kan ein nytte koplingane av auditivt og visuelt arbeid i denne kommunikasjonen? Skulane blir meir og meir digitale, og det er viktig at lærarane også følgjer med i utviklinga. Men kan det digitale tilby lærarane og elevane dei vurderings- og arbeidsressursane som krevst i utdanninga? Det teoretiske perspektivet som eg har nytta meg av, er den sosiokulturelle læringsteorien. I denne oppgåva fokuserer eg på at elevane skal lære samla, dei skal lære i ein sosial setting der dei kan finne støtte i kvarandre. Undervegs i dette arbeidet har eg nytta meg av ikkje-deltakande observasjonar og eit semistrukturert intervju med læraren. Før og etter alle observasjonane snakka eg med læraren og fekk informasjon om dagens økt. Eg noterte observasjonane mine undervegs i ein observasjonsprotokoll med feltnotat, og i oppsummeringa etterpå gjekk eg gjennom notata mine saman med læraren. Då fekk eg retta opp i om det var situasjonar som påverka den aktuelle økta eller andre hendingar som eg ikkje hadde forkunnskap om. Intervjuet vart gjennomført skriftleg, og slik er alle svara godkjent av læraren. Mine funn viser at gjennom å være kreativ og open for nye metodar, kan ein nytte iPaden til nær sagt alt. Ved å nytta ein applikasjon der elevane og læraren kan samle alle arbeida sine i si eiga mappe der berre dei sjølv og lærarane har tilgang, vert det enklare å sjå kva elevane har gjort av skulearbeid og lekser. Også, ved å halde arbeidsmetodane variert, held elevane motivasjonen oppe. Dei får også utforske ulike måtar for å forstå dei ulike rekneartene. Utfordringar ein kan møte på undervegs, er korleis ein best kan legge til rette for ulike arbeidsmetodar for gruppearbeid innanfor ulike fag. Ei anna utfordring ein kan ta vidare innanfor det teknologiske, er korleis ein kan samle alle tilboda i dei mest nytta applikasjonane i ein eigen applikasjon.en_US
dc.language.isonoben_US
dc.publisherHøgskolen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleDigital vurdering i skulen: Tilbakemelding og vurdering av elevarbeid i matematikk på mellomtrinnet gjennom digitale verktøy.en_US
dc.title.alternativeDigital evaluation in the school: Feedback and evaluation of student work in mathematics in the middle school through digital tools.en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMASIKT-OPGen_US


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Except where otherwise noted, this item's license is described as Navngivelse 4.0 Internasjonal