Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSætre, Kristina Arntsberg
dc.date.accessioned2020-07-06T07:08:18Z
dc.date.available2020-07-06T07:08:18Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2660758
dc.descriptionIKT i læring, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfagen_US
dc.description.abstractDet overordna tema i denne oppgåva er implementering og klasseleiing med 1:1 læringsbrett. Bakgrunnen for val av tema er ein pågåande debatt kring faktagrunnlaget ved innføring av nettbrett frå fyrste klasse. Oppgåva byggjer på fylgjande problemstilling: Kva erfaringar har lærarane etter implementeringa av 1:1 læringsbrett i klasserommet, og korleis har bruken av læringsbretta påverka klasseleiinga? Vidare vart tre forskingsspørsmål nytta for å gå djupare i problemstillinga. Det teoretiske fundamentet i oppgåva byggjer på Vygotskij sin sosiokulturelle læringsteori og Piaget sin kognitive læringsteori. I tillegg er Anderson og Krathwohl si reviderte utgåve av Blooms taksonomi sentral. Det er òg anvendt teori kring implementering og klasseleiing, der modellar som TPACK og Krumsvik sin digitale didaktikkmodell ligg til grunn. Forskinga byggjer på kvalitativ forskingsmetode med hermeneutisk tilnærming, der semistrukturerte intervju er nytta for å intervjue to skuleleiarar og fire lærarar innanfor same kommune. Funn frå intervjua viser at implementeringsprosessen både har sterke og svake sider. Når det kjem til det teknologiske aspektet ved implementeringa, er det tydleg at kommunen er førebudd og har ressursar tilgjengeleg for å handtere eventuelle utfordringar. Derimot uttrykkjer lærarane manglande støtte kring det pedagogiske aspektet ved implementeringa då det utanom kursing i starten berre er lagt opp til erfaringsdeling til utvikling av kompetanse. På den eine sida fremjar informantane fridom og fleksibilitet i implementeringa som fordelaktig, men dei etterspør samstundes ein tydleg implementeringsplan som òg dekkjer dei pedagogiske utfordringane. Lærarane vektlegg også manglande tid, kompetanseheving og ein pedagogisk diskusjon kring bruken av læringsbretta. I klasserommet uttrykkjer lærarane at deira rolle har vorte endra frå det dei omtalar som ein undervisar til ein rettleiar. Dette på bakgrunn av at læringsbretta legg til rette for variert undervisning, differensierte oppgåver og nye mogelegheiter for samarbeid. Lærarane uttrykkjer at dei i rolla som rettleiar får moglegheit til å følgje elevane tettare i læringssituasjonen. Oppgåva konkluderer difor med at det er naudsynt med ein tilstrekkeleg implementeringsplan der det er satt av tid til kompetanseheving. Det er også viktig å setje fokus på den pedagogiske diskusjonen, og korleis ein kan nytte læringsbretta på ein læringsfremjande måte.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskolen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleImplementering og klasseleiing med 1:1 læringsbretten_US
dc.title.alternativeImplementation and Class Management with 1:1 Learning Tableten_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMASIKT-OPGen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal