Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorStrandos, Ingeborg
dc.date.accessioned2020-07-01T08:10:06Z
dc.date.available2020-07-01T08:10:06Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2660228
dc.descriptionMaster i barne- og ungdomslitteratur Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking Innleveringsdato: 15.05.2020en_US
dc.description.abstractDenne masterstudien undersøkjer Frida Nilssons skjønnlitterære barnebok Ishavspirater sitt potensiale til å utvikle eit medvit om berekraftig utvikling kring forholdet mellom menneske og andre livsformer. I tillegg undersøkjer ho korleis litterære samtalar om boka kan vere med på å utvikle eit slikt medvit hjå elevar. Eit overordna mål er òg å trekkje linjer mellom det å utvikle eit medvit om berekraftig utvikling og det å verte ein økoborgar, og slik syne korleis arbeid med litteratur og litterære samtalar kan bidra til å danne økoborgarar. Med utgangspunkt i dette byggjer denne oppgåva på sentral teori frå fleire teoretiske felt, deriblant økokritikk, danning og litterære samtalar. Ettersom medvit om berekraftig utvikling er avgrensa til forholdet mellom menneske og andre livsformer, utgjer posthumanisme og Animal Studies ein sentral del av det teoretiske grunnlaget i studien. For å kunne svare på problemstillinga har det i denne studien vore føremålstenleg å nytte både litterære analyse og observasjon som forskingsmetodar. Den litterære analysen av boka er både økokritisk og didaktisk, og dei er blitt brukt til å undersøkje boka sitt potensiale til å utvikle eit medvit om berekraftig utvikling. I denne litterære analysen av boka har fokuset vore på framstillingar av natur og naturelement, og kva spørsmål ein kan stille til boka i ein litterær samtale. Observasjon er blitt nytta for å undersøkje korleis litterære samtalar om boka kan vere med på å utvikle eit slikt medvit hjå elevar. Resultata frå studien syner at Ishavspirater har eit potensiale til å utvikle eit medvit om berekraftig utvikling. Dette potensialet syner seg gjennom måten boka inviterer til refleksjonar kring ulike problemstillingar og dilemma knytt til berekraftig utvikling. Hovudpersonen sine refleksjonar, og framstillingar av naturen og naturelement, utgjer ein viktig del av dette potensialet. Resultata syner òg at boka fungerer godt som grunnlag i litterære samtalar der målet er å utvikle dette medvitet hjå elevar. Litterære samtalar opnar opp for at elevane får ta del i kvarandre sine refleksjonar, meiningar og tolkingar, noko som kan opne opp for ei djupare og meir nyansert forståing av forholdet mellom menneske og andre livsformer. Å utvikle eit medvit om berekraftig utvikling kan vere eit steg på vegen mot å verte ein økoborgar.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleÅ verte ein økoborgar. Ein studie av Ishavspirater og medvit om berekraftig utvikling.en_US
dc.title.alternativeTo Become an Ecocitizen. A Study of The Ice Sea Pirates and Awareness around Sustainable Development.en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.source.pagenumber126en_US
dc.description.localcodeMBUL550en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal