Show simple item record

dc.contributor.authorSkudalsnes, Yvonne Kvellestad
dc.date.accessioned2020-07-01T07:54:32Z
dc.date.available2020-07-01T07:54:32Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2660217
dc.descriptionMaster i barne-og ungdomslitteratur Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking 29.05.2020en_US
dc.description.abstractDenne masteroppgåva undersøker i lys av økokritisk teori det estetiske uttrykket i to diktsamlingar. Materialet for oppgåva er to illustrerte diktsamlingar for barn, Eg er eg er eg er (2016) og Skogen den grøne (2018) av Ruth Lillegraven med illustrasjonar av Mari Kanstad Johnsen. Målet med studien er å undersøke diktsamlingane sitt potensial til å invitere til refleksjonar omkring menneske og natur ut frå moglegheitene som ligg i det estetiske uttrykket. Bøkene inneheld fleire dikt enn bilde og inngår såleis i kategorien illustrerte diktbøker, ikkje diktbildebøker. Illustrasjonane spelar likevel ei viktig rolle for det visuelle og estetiske i dei to bøkene, og eg har difor analysert både paratekstar, illustrasjonar og dikt som ein del av det estetiske uttrykket. I lys av økokritisk teori ser eg på representasjonane av forholdet mellom natur, miljø, menneske og andre livsformer som kjem til uttrykk gjennom det verbale og visuelle. I refleksjonane diskuterer eg kva potensial diktsamlingane har til å fostre økoborgarskap. Som ein del av det økokritiske teorifeltet nyttar eg meg av The Nature in Culture Matriz eller på norsk, Natur i kultur-matrisa, eit analyseverktøy som er utarbeidd av forskingsgruppa Nature in Children´s Literature and Culture (NatChiLitCul) ved Høgskulen på Vestlandet. Matrisa blir brukt som verktøy til å diskutere høvesvis feirande, problematiserande, antroposentriske og økosentriske naturframstillingar. Grunnlaget for å diskutere det estetiske uttrykket bygger på Hans-Georg Gadamers teori om samspelet mellom sanselege og tolkande prosessar i estetisk erfaring. Eg trekker også inn Martha Nussbaums teori om den narrative førestillingsevna og skjønnlitteraturen sitt potensial til å dyrke evna til innleving. Eg støttar meg også på lyrikkteori og bildebokteori i analysen av ord og bilde i diktsamlingane. Analysane syner at begge diktsamlingane beveger seg innan alle dimensjonane i matrisa. Det finst døme på både feirande og problematiserande naturframstillingar, og diktsamlingane inneheld både antroposentriske og økosentriske perspektiv. Men i begge diktsamlingane er det feirande perspektivet sterkt til stades i form av idylliske og pastorale naturskildringar. Eg drøftar difor naturidyllar i dikt og illustrasjonar i lys av økokritisk teori om pastoralen. Til slutt drøftar eg kva potensial diktsamlingane har for å kunne danne lesarar til økoborgarskap.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleLyrikk som tankerørsle omkring menneske og natur Økokritiske lesingar av diktsamlingane Eg er eg er eg er og Skogen den grøne av Ruth Lillegravenen_US
dc.title.alternativePoetry as dynamics of thought on human and nature Ecocritical readings of the two poetry books Eg er eg er eg er and Skogen den grøne by Ruth Lillegravenen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.source.pagenumber95en_US
dc.description.localcodeMBUL550en_US


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Except where otherwise noted, this item's license is described as Navngivelse 4.0 Internasjonal