Innovasjon: Ei kortfatta innføring i sentrale begrep og tenkemåtar
Original version
Njøs, R. & Sjøtun, S. G. (2016). Innovasjon: Ei kortfatta innføring i sentrale begrep og tenkemåtar (Arbeidsnotatserien Senter for nyskaping 2-2016). Høgskolen i Bergen.Abstract
‘Innovasjon’ gir utan tvil ei rekke assosiasjonar for dei aller fleste, noko som også kan vere ei utfordring. Kva er eigentleg innovasjon? Korleis ‘skjer’ innovasjon? Og korleis bør innovasjonar skje? Kan ein legge til rette for innovasjon? Dette notatet er meint som ei enkel innføring i nokre av dei sentrale teoriane og omgrepa knytt til å forstå innovasjon. Målet er å bidra med ei kortfatta og overordna oversikt over feltet. For personar som ikkje er kjend med innovasjonsstudiar kan notatet vere ein fin inngang til vidare studiar. For meir vidarekomne er notatet i første rekke nyttig for å få oversikt over samanhengen mellom ulike omgrepa, samt avklaring av desse omgrepa. Forhåpentlegvis fungerer notatet som ein døropnar inn i fagområdet innovasjon.