Høgskulekultur i støypeskeia: ein analyse av organisasjonskulturen i ein fusjonerande høgskule
Chapter, Peer reviewed
Published version

View/ Open
Date
2019Metadata
Show full item recordCollections
Original version
Longvanes, L., Nesse, J. G. & Årethun, T. (2019). Høgskulekultur i støypeskeia: Ein analyse av organisasjonskulturen i ein fusjonerande høgskule. I Ø. Helgesen, R. Glavee-Geo, G. Mustafa, E. Nesset & P. Rice (Red.), Modeller: Fjordantologien 2019 (s. 321-339). 10.18261/9788215034393-2019-15Abstract
Frå 1.1.2017 vart høgskulane i Bergen, Sogn og Fjordane og Stord/ Haugesund slått saman til Høgskulen på Vestlandet (HVL), med i alt fem campusar. I slike fusjonar kan det vere ei utfordring å integrere ulike kulturar. Føremålet med dette kapittelet er å finne kva som karakteriserer organisasjonskulturen i ein fusjonerande høgskule som HVL og i kva grad denne kulturen, ifølgje dei tilsette, skil seg frå den optimale. Data vart samla inn gjennom ei nettbasert spørjeskjemaundersøking i februar 2018. Modellverktøyet som vart brukt for å måle kultur, er kalla OCAI (Organizational Culture Assessment Instrument). Dette verktøyet er validert, men i liten grad nytta på akademiske institusjonar. Konklusjonen er at dei tilsette gjennomgåande meiner at dagens HVLorganisasjon har eit internt fokus, og at dei ønskjer seg ein organisasjonskultur prega av større fleksibilitet.