Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorNilsen, Simen Osland
dc.date.accessioned2020-01-20T10:15:16Z
dc.date.available2020-01-20T10:15:16Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2636977
dc.descriptionMaster i Læring og Undervisning Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag Innleveringsdato: 02.12.2019nb_NO
dc.description.abstractUndersøkingar frå 2013 syner at halvparten av norske tiåringar ikkje blir rekna som symjedyktige (Utdanningsdirektoratet, 2015). I 2015 vart revidert læreplan for kroppsøving vedtatt, med vesentleg endringar knytt til kompetansemål i symjing. Frå skuleåret 2017/2018 vart det innført obligatorisk dugleiksprøve i symjing. Trass symjeopplæringa sin nye posisjon i kroppsøvingsfaget, syner ei undersøking frå 2018 at berre halvparten av skulane er fornøgd med tilbodet dei gjev i symjeopplæringa (Waagene, Vaagland, Larsen & Federici, 2018). Samstundes er kunnskapsbasen for kroppsøvingslærarar mykje diskutert og problematisert (Ward, 2013). Dyson (2014) hevdar at ein ikkje retta nok merksemd mot spesifikk kunnskap som er nødvendig for å legge til rette for god undervisning og læring i kroppsøving. Ward (2013) meiner at ved å definere kva kunnskap læraren treng for å undervise er viktig i eit forskings og profesjonelt utviklingsperspektiv. Føremålet med denne masteroppgåve er å setje lys på korleis eit utval lærarar i symjing på fjerde trinn arbeider med dugleiksprøva, samt identifisere og kategorisere kva undervisningskunnskap som kjem fram i arbeidet. Problemstillinga freistar å gje djupare innblikk og auka forståing i arbeidet, som vidare kan skape grunnlag til utvikling av eit felles språk om og forståing av element ved lærarar i symjing sin undervisningskunnskap. Studien er hermeneutisk fenomenologisk forankra gjennom ei kvalitativ tilnærming. Eg har intervjua og observert fire lærarar i symjing på fjerde trinn i arbeid med dugleiksprøva. Intervjuet var semistrukturert, medan observasjonen var strukturert. Intervjumaterialet er hovudempirien for analyse, medan observasjonsmaterialet er meint som supplering og kontekstualisering. Forskingsetiske retningslinjer er følgt gjennom informert samtykke, konfidensialitet, samt refleksjonar og medvit kring forskarrolla. I høve identifisering og kategorisering av undervisningskunnskap er modellen til Ball, Thames og Phelps (2008) nytta som rammeverk. Funn i denne studien tyder på at informantane har ulik forståing og kunnskap kring dugleiksprøva, noko som resulterer i tre ulike undervisningar basert på 1) dei sju øvingane, 2) som ein avsluttande test, og 3) ikkje inkludert i undervisning. Det kjem fram ulike føremål med undervisninga, både eit læringsfokus og eit aktivitetsfokus. To av informantane har som føremål å gjere elevane symjedyktige i høve dugleiksprøva, medan dei to andre informantane har som føremål å skape livslang rørsleglede i tråd med dei overordna måla i kroppsøvingsfaget. Det blir uttrykt at dugleiksprøva i stor grad er resultatorientert, noko som strir mot kroppsøvingsfaget sine overordna mål. Dette har ført eit skilje i rolletilnærmingane til informantane som instruktør og aktivitetsleiar. Instruktørrolla baserer tilbakemeldingane i stor grad med instrumentell støtte gjennom tekniske instruksjonar. Aktivitetsleiarrolla praktiserer emosjonell støtte som oppmuntring og utfordringar som skapar tryggleik. Samanfallande for informantane var tryggleiksfokuset i undervisninga. Ein raud tråd hjå informantane var deira tankar om mangel på ressursar i undervisninga. På grunnlag av tryggleiksomsyn, utøver informantane undervisninga frå land. Dette gjere dei for å halde oversikt. Det kjem fram at denne faktoren avgrensar kvaliteten på undervisninga, ettersom overføringsverdien frå land til vatn er nokså låg, samt overgangen frå ord til handlingar kan skape forvirring hjå elevane. Trass for ei breidde av undervisningspraksisar har fagdidaktikken stor plass i informantane sin undervisningskunnskap. Tryggleiksomsynet syner ei fagdidaktisk tilnærming som i stor grad er avhengig av organisering og generell leiing av symjetimane. Den allmenne fagkunnskapen blir trekt fram som ein sentral faktor i undervisningskunnskapen hjå informantane. Informantane legg vekt på sin eigen symjedyktigheit og det blir sett på som grunnleggjande dugleik for å undervise i symjing. Tre av informantane meiner spesialisert fagkunnskap kan betre undervisninga deira i form av betre tilbakemeldingar til elevane. Det blir peikt på at den allmenne kunnskapen er nok til å identifisere feil, medan den spesialiserte kunnskapen kan identifisere både feilen og mekanismen bak. Slik sett tyder det at effektiv undervisning blir oppnådd med å sjå fagkunnskap i samanheng med didaktisk kunnskap, og resulterer i fagdidaktisk kunnskap. Såleis blir det antyda at ein samansett undervisningskunnskap som komplementærer kvarandre resulterer i effektiv undervisning. g vonar denne studien har gjeve innsikt i arbeidet med dugleiksprøva, og korleis undervisningskunnskap kan påverke undervisninga. Det har ikkje vore mål om å generalisere, men å kaste lys over dugleiksprøva og undervisningskunnskap i symjeundervisninga på fjerde trinn. Studien har, ved å nytte modellen til Ball et al. (2008) som rammeverk, kunne skape grunnlag for nye hypotesar for utviklinga av eit felles språk om og forståing av element i lærarar sin undervisningskunnskap, og dermed vere eit bidrag til kunnskapsutvikling innanfor symjeundervisning.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectsvømmingnb_NO
dc.subjectsymjingnb_NO
dc.subjectundervisningskunnskapnb_NO
dc.subjectsvømmeundervisningnb_NO
dc.titleUndervisningskunnskap hjå skulelærarar i symjing på fjerde trinnnb_NO
dc.title.alternativeContent knowledge of schoolteachers in swimming in fourth gradenb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber83nb_NO
dc.description.localcodeMAS3-307nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal