Tilrettelegging for auka bruk av offentleg areal langs Vosso - Eit moglegheitsstudie
Abstract
Voss kommune ynskjer å kartlegge eit av dei sentrumsnære grøntareala for å kunne utnytte det betre i framtida.
Området er avsett hovudsakleg til friområde, noko er avsett til nærings bygningar i kommuneplanen. Det er i dag hovudsakleg bruk som ferdselsåre eller til tur, men det er ikkje lagt til rette for å opphalde seg over lengre tid i området. Målet med studien er å utforske moglegheitene som finst, komme med forslag til, og kva tiltak som må til for å skape eit godt friområde i sentrum av Voss. Fokuset vårt har vert å kartlegge området for så å komme med eit forslag til utforming. Det blei gjort ulike registreringar og fleire typar analysar for å gje eit grunnlag for utforminga som blir presentert i dette moglegheitsstudie.
Resultatet omhandlar fire områder der det er komme med eit forslag til utbetring av stiar, utforming av elveparkar, nye sitteplassar og opparbeiding av eit aktivitetsområde ved idrettsanlegget som inneheld buldrevegg, slakkline, skøyte- og tennisbane, i tillegg til andre fasilitetar. Dette er eksempel på forslag som me trur vil gagne område positivt i framtida. Resultatet blei eit sett med tiltak som me meiner er nødvendige for å realisere målet om å auke aktiviteten i området. Resultatet saman med registreringane gjort i området legger til rette for framtidig utvikling i området, med studiet vårt som utgangspunkt.
Description
Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur Fakultet for ingeniør- og naturvitskap