HMS-arbeid i helseføretak
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2608868Utgivelsesdato
2019Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Bakgrunn og hensikt: Helseføretaka er gjennom det regulative lovverket og overordna føringar pålagt og drive eit systematisk HMS-og kvalitetsarbeid for å sikre eit heilskapleg forbetringsarbeid og ei berekraftig utvikling på området. Studien tek utgangspunkt i korleis det systematiske HMS-arbeidet er forstått og utøvd i eit helseføretak. Utfordringane med å få til eit heilskapleg og berekraftig HMS-arbeid i helseføretaka kan vere fleire, og konsekvensane med å ikkje få det til, kan i verste fall vere alvorlege. På bakgrunn av dette ynskjer eg meir innsikt i korleis leiarar i helseføretak forstår og følgjer opp lovverk og dei overordna føringane på området, og kva dei erfarar må vere på plass for å lykkast med HMS-arbeidet. Auka innsikt i slike erfaringar kan bidra til å gje utvida kunnskap om HMS-arbeid i helseføretaka.
Metode: Studien er tufta på eit kvalitativt design. Metoden for innhenting av data er kvalitative forskingsintervju som er analysert ved bruk av temasentrert analyse. Det er føreteke eit strategisk utval av åtte deltakarar i eit helseføretak på vestlandet
Resultat: Hovudfunna i denne oppgåva er at forbetringsarbeid er godt kjent i organisasjonen og har fått eit auka fokus i organisasjonen dei siste åra, mykje grunna innføringa av den nye medarbeidarundersøkinga forbetring og prosessen som følgjer i etterkant avdenne kartlegginga. Samtidig viser undersøking at leiarane har lite kjennskap til det regulative lovverket og overordna føringar på området, og er heilt avhengige av å få oppskrifter på korleis forbetrings-og HMS-arbeidet skal gjennomførast for å få på plass ein HMS-praksis slik intensjonen for helseføretaka er. Ei slik oppskrift har leiarane fått gjennom innføringa av forbetringskonseptet. Likevel viser det seg at forbetringsarbeidet i stor grad er konsentrert omkring forbetringar i arbeidsmiljøet, og berre i mindre grad til dei andre forbetringsområda. Det blir berre i mindre grad teke omsyn til synergiane mellom dei ulike forbetringsområda i HMS-arbeidet, eit tilhøve som syner att i HMS-praksisen i helseføretaket.
Konklusjon: Basert på resultata i undersøkinga kan det konkluderast med at forbetrings-og HMS-arbeidet i helseføretaket i stor grad manglar synergi-og heilskapstenkinga. Arbeidet på området er i stor grad silobasert, der dei ulike forbetringsområda blir jobba med kvar for seg. Med dette følgjer ein HMS-praksis i helseføretaket som ikkje samsvarar med intensjonen på området
Beskrivelse
Masterstudium iorganisasjon og leiing, helse- og velferds leiing og utdanningsleiing. Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap. Institutt for samfunnsvitska p lnnleveringsdato 14.06.19