Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorJensen, Christoffer
dc.date.accessioned2019-07-18T07:38:29Z
dc.date.available2019-07-18T07:38:29Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2605813
dc.descriptionMaster i musikkpedagogikk Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett 15 mai 2019nb_NO
dc.description.abstractDenne studien har hatt som formål å studere omgrepet timing i kor. Dette har blitt gjort ved å gjennomføre semistrukturerte intervju med tre profesjonelle kordirigentar: Eirik Kaasa, Marit Bodsberg Weyde og Kjetil Almenning. Transkripsjonar har så blitt analysert gjennom ei hermeneutisk tilnærming der fortolkingsteorien til Paul Ricoeur har vore sentral. Dette prosjektet er difor eit kvalitativt bidrag til forsking på timing. På grunn av mangelen på forsking som omhandlar timing i kor, er teorikapittelet basert på eksisterande forsking på timing i solistiske situasjonar og i andre ensemble. I tillegg er det inkludert teoretiske perspektiv på kommunikasjon, kognisjon og motorikk som har stått fram som relevante for det å forstå timing i kor. Resultata frå fortolkinga av intervjua i lys av eksisterande forsking og teori om timing viser at mykje av forskinga på timing som er knytt til andre ensemble også er relevant for kortiming. Kortiming skil seg frå andre ensemble ved at det er kroppen som er utgangspunktet for både igangsetting og produksjon av lyd. Ved å forstå kortiming på ulike nivå, kan det involvere element knytt til den individuelle korist og dirigent, kommunikasjonen mellom dei og korleis timing av organisatoriske prosessar kan vere viktig. Medan timing oftast vert forstått som korrekt rytmisk plassering, kan timing i kor også omhandle korrekt toneproduksjon. Kombinerer ein dette med at ein skal synkronisere koristane, kan ein definere kortiming som kollektiv presisjon i toneproduksjon og rytmisk plassering basert på felles idear. Denne definisjonen kombinert med nivådelinga av timing står fram som ein mogleg konklusjon på korleis ein kan forstå timing i kor. Forsking på kortiming vert til slutt drøfta i lys av diskusjonar knytt til kor, musikkpedagogikk og musikalsk kvalitet.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskulen på Vestlandetnb_NO
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleKortiming. Korleis forstå timing i kor? Ein hermeneutisk studie av tre kordirigentars utsegner om kortimingnb_NO
dc.title.alternativeChoral timing. How to understand timing in choirs? A hermeneutical study of three choral conductor’s statements about choral timingnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber113nb_NO
dc.description.localcodeM120MU513nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal