Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorNæs, Hanne
dc.date.accessioned2019-07-01T09:22:26Z
dc.date.available2019-07-01T09:22:26Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2602957
dc.descriptionMaster IKT i læring Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag, Stordnb_NO
dc.description.abstractFøremålet med denne masteroppgåva var å undersøke korleis GeoGebra kan støtta elevane i matematikk 2P med overgangen mellom ulike matematiske representasjonar. Når ein driv med matematikkopplæring vil ein del av opplæringa handle om å forstå matematikkspråket. Matematikkspråket inneheld omgrep og symbol som er spesifikk for faget. I høyringa som er sendt ut kring fagfornyinga kjem det fram at eit av kjerneelementa i Matematikk 2P er representasjonar og kommunikasjon (Utdanningsdirektoratet, 2018). I dette kjerneelementet ligg det at elevane skal kunne omsetje mellom det matematiske symbolspråket og daglegspråket, og veksle mellom ulike representasjonar. Overgangen mellom matematiske representasjonar har vist seg å vere utfordrande for elevar. Digitale ferdigheiter er i følgje Utdanningsdirektoratet (2017b, s. 3) ein viktig føresetnad for vidare læring. Det er òg forventa at elevane nyttar digitale verktøy til oppgåveløysing på eksamen. Eit vanleg verktøy i norsk vidaregåande skule er GeoGebra. Målet med å implementere digitale verktøy i skulen er at det skal tilføre noko meir. Det er ikkje slik at dei digitale verktøya skal krevje at elevane lærar noko meir, men at dei nyttar verktøy som ein del av fagopplæringa. GeoGebra skal difor nyttast som eit verktøy i matematikkopplæringa. Problemstillinga som er nytta er: Korleis kan GeoGebra nyttast for å støtta elevane i matematikk 2P i overgangsfasen mellom matematiske representasjonsformer? I denne oppgåva er det nytta kasusstudie som metode, der det er gjennomført observasjon av ei undervisingsøkt i ein 2P klasse og intervju av lærar og elevar. Ut i frå datamaterialet som kjem fram viser det seg at GeoGebra kan støtte elevane ved at dei gjer arbeidet raskare, og at dei får eit bilete på den matematiske situasjonen eller problemet. GeoGebra støttar òg elevane til å sjå samanhengen mellom matematikk og kvardagslivet, og det gjer det enklare å sjå samanhengar mellom representasjonar. Men, det krev at elevane lærer å nytta verktøyet som ei støtte i læringsprosessen.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskolen på Vestlandetnb_NO
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleGeoGebra i overgangen mellom matematiske representasjonarnb_NO
dc.title.alternativeGeoGebra in the transition between mathematical representationsnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.description.localcodeMASIKT-OPGnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal