Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorAa, Leiv Inge
dc.date.accessioned2019-04-12T08:51:45Z
dc.date.available2019-04-12T08:51:45Z
dc.date.created2016-01-21T11:43:24Z
dc.date.issued2015
dc.identifier.citationAa, L. I. (2015). Metodologiske og teoretiske utfordringar for generative dialektologar. Norsk lingvistisk tidsskrift, 33, 121-128.nb_NO
dc.identifier.issn0800-3076
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2594427
dc.description.abstractDette nummeret av Norsk lingvistisk tidsskrift (NLT) tek føre seg nordisk syntaktisk talemålsforsking. I Noreg strekkjer den vitskaplege talemålsforskinga seg tilbake til Ivar Aasens (1848) første grammatiske storverk. Men sjølv om dialektologien er etter måten gamal, var syntaksen i talemåla lenge berre omtala i mindre studiar og ikkje kartlagt på ein overordna og systematisk måte med ein klar teoretisk ambisjon. Rett nok vart det på byrjinga av 1900-talet gjeve ut nokre avhandlingar om syntaksen i ulike bymål (t.d. Iversen 1918, Svendsen 1931) og utvalde bygdemål (t.d. Heggstad 1916). Leiv Heggstads arbeid om syntaksen i sebyggmålet (setesdalsdialekten) er velkjent, og det vart gjort mange deskriptive arbeid av mindre format oppgjennom 1900-talet.1 På 1970-talet gjorde Helge Sandøy (1976) ei meir systematisk komparativ vestnordisk undersøking av verbpartikkelkonstruksjonar, og Jan Terje Faarlund gjorde fleire teoretisk-syntaktiske dialektarbeid på den same tida (sjå ScanDiaSyn-bibliografien og jf. Sandøy (1985: 100ff) si dialektsyntaktiske oppsummering). På 1990-talet vart grunnlaget for NORMS2 og ScanDiaSyn3 lagt, og desse prosjekta voks for alvor fram utover 2000-talet. Først no vart det på ein meir omfattande og systematisk måte gjort dialektsyntaktisk arbeid i Noreg med ein teoretisk ambisjon lik Faarlund sin, og ulik den ein finn i dei deskriptive tilnærmingane tidlegare. Det verkar rimeleg å dele dialektsyntaksen inn i ein tidsalder før og etter NORMS- og ScanDiaSyn-prosjekta nettopp på grunn av omfanget av og systematikken i det metodologiske og teoretiske arbeidet desse prosjekta førte med seg.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNovus Forlagnb_NO
dc.rightsNavngivelse-DelPåSammeVilkår 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by-sa/4.0/deed.no*
dc.titleMetodologiske og teoretiske utfordringar for generative dialektologarnb_NO
dc.typeJournal articlenb_NO
dc.typePeer reviewednb_NO
dc.description.versionpublishedVersionnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Humaniora: 000::Språkvitenskapelige fag: 010::Nordiske språk: 018nb_NO
dc.source.pagenumber121-128nb_NO
dc.source.volume33nb_NO
dc.source.journalNorsk lingvistisk tidsskriftnb_NO
dc.source.issue2nb_NO
dc.identifier.cristin1319213
cristin.unitcode203,5,2,0
cristin.unitnameAvdeling for lærarutdanning og idrett - Sogn og Fjordane
cristin.ispublishedtrue
cristin.fulltextoriginal
cristin.qualitycode1


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse-DelPåSammeVilkår 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse-DelPåSammeVilkår 4.0 Internasjonal