Begynnaropplæring i norsk for fagleg sterke elevar
Journal article, Peer reviewed
Published version

View/ Open
Date
2017Metadata
Show full item recordCollections
Original version
Strandos, H. S., Vikdal, R. Å. & Bjørhusdal, E. (2017). Begynnaropplæring i norsk for fagleg sterke elevar. FoU i praksis,11(2), 25-40.Abstract
Denne artikkelen byggjer på ein observasjons- og intervjustudie av didaktisk arbeid med ei elevgruppe som har fått heller lite merksemd i forskingslitteraturen: fagleg sterke elevar ibegynnaropplæringa i norsk. Ti informantar, alle norsklærarar på 1. og 2. årstrinn, er djupneintervjua og observerte i timar med grunnleggande lese- og skriveopplæring. Undersøkinga viser at lærarane identifiserer fagleg sterke elevar i norsk alt på 1. årstrinnet, det vil seie barn som les og skriv godt når dei startar på skulen. Vidare finn studien at informantane har få strategiar for korleis dei skal legge til rette for læring for desse elevane. Konsekvensane er 1) langsam bokstavprogresjon, 2) manglande skrivemodellering, og 3) eit syn på fagleg sterke elevar som «underytarar». Informantane opplever også at ansvaret for tilpassa opplæring for fagleg sterke elevar ligg hjå enkeltlærarane, og at lite er formulert på skule- og skuleeigarnivå.