Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorTorvanger, Silje
dc.date.accessioned2019-01-23T09:18:21Z
dc.date.available2019-01-23T09:18:21Z
dc.date.issued2018
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2581894
dc.descriptionMaster i læring og undervisning Avdeling for lærarutdanning og idrett 30.11.18nb_NO
dc.description.abstractBakgrunn: Denne studien undersøkjer om handskrift styrkjer minnet for verb-substantiv setningar (t.d. «kast ballen»). Tidlegare forsking viser at innkodingsstrategien er avgjerande for minneprestasjonen. I denne studien samanliknar ein to godt etablerte innkodingsstrategiar, dvs. motorisk handling og passiv lytting, med to som er mindre etablerte, dvs. handskriving og tastaturskriving. Dei to sistnemnde inkluderer ein motorisk komponent, men ingen motorisk handling. Metode: Det er gjennomført ein episodisk verbal minnetest med fire forskjellige innkodingsstrategiar: 1) HW (handskriving), 2) PCW (tastaturskriving), 3) SPT (gjennomføring av instruksjonar) og 4) VT (berre verbale instruksjonar). Totalt 100 elevar frå tre vidaregåande skular på Vestlandet deltok frivillig i eksperimentet. Deltakarane fekk fire innkodingslister med dei fire innkodingsstrategiane som er nemnde ovanfor. Kvar inneheldt 12 verb-substantiv setningar. Avsluttande etter kvar av innkodingslistene skulle deltakarane gje att så mange instruksjonar som mogleg i valfri rekkjefølgje. Resultat: Resultata viste at det er forskjellar mellom dei fire innkodingsstrategiane som følgjande: SPT konkurrerte ut dei tre andre strategiane, og nest best var VT som også var overlegen handskriving og tastaturskriving. Dei to sistnemnde gav det same framhentingsresultatet, og var dårlegast. Konklusjon: Ut ifrå dette, vart det konkludert at SPT er den mest effektive innkodingsstrategien, og at motorisk aktivisering i både handskriving og tastaturskriving heller verkar forstyrrande enn fremjande på innkodingsprosessen. Det betyr at handlingseffekten i SPT framleis er den mest effektive innkodingsstrategien i ein enkel verbal minnetest, i samsvar med tidlegare forsking.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskulen på Vestlandetnb_NO
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectMinnetestnb_NO
dc.subjectHandskrivingnb_NO
dc.subjectTastaturskrivingnb_NO
dc.subjectInnkodingnb_NO
dc.subjectDet episodiske minnetnb_NO
dc.titleStyrkjer handskrift minnet for verb-substantiv setningar? Ein gjennomføringsstudie med fire innkodingsstrategiarnb_NO
dc.title.alternativeIs handwriting an efficient encoding strategy in a verbal episodic memory task? A comparison between four encoding conditionsnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber33nb_NO
dc.description.localcodeMAS3-307nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal