Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorRieber- Mohn, Ragnhild
dc.date.accessioned2018-11-29T10:23:10Z
dc.date.available2018-11-29T10:23:10Z
dc.date.issued2018
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2575443
dc.descriptionMasteroppgave i barne- og ungdomslitteraturnb_NO
dc.description.abstractMasteroppgåva undersøkjer forskjellige motiv og tolkingar knytt til mat som sosial markør i litterære framstillingar av familie. Materialet består av fire skandinaviske samtidsromanar for born, alle utgitt mellom 2015 og 2017. Trass i at matstudiar er eit forskingsområde i emning, både innan litteraturstudiar og i humaniora generelt, er det brei semje blant forskarar og kritikarar som har engasjert seg i temaet om at mat speler ei viktig rolle i kunst og litteratur. Eg les materialet i lys av eit knippe teoriar frå samfunnsvitskap og humaniora som dreier seg om smak som sosial markør, kjønnsnormer og maskulinitetsideal. I tillegg støttar eg meg på teoretiske refleksjonar om forholdet mellom litteratur og samfunn og tidlegare forsking på mat og familie i barnelitteraturen. Til saman dannar desse teoriane eit interseksjonelt perspektiv, med bakgrunn i det samansette fokusområdet for analysen og den tverrfaglege karakteren til forskingsfelta eg bevegar meg opp mot. Gjennom å undersøkje kva som vert framstilt som markert og umarkert på kosthalds- og måltidsområdet, argumenterer eg for at konservative strukturar framleis er aktive i moderne, realistisk barnelitteratur når det gjeld normer og ideal for familien. Dei litterære framstillingane er prega av ein viss grad av mangfald og refleksjon, men hovudtendensen peikar mot at ”det markerte” stadfestar ein normal, heller enn å utvide han. Detaljar knytt til mat og eting ser ut til å fungere som ei form for metonym for større bilete av sosiale grupper, kjønnsroller og omsorgsevne, og dei litterære framstillingane inngår slik i intertekstuelle samband med kulturelle førestillingar og konstruksjonar i samfunnet utanfor litteraturen. Dette set søkjelys på det komplekse samspelet mellom litteratur og samfunn og nokre av kontaktflatene dei imellom.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskulen på Vestlandet/ Western Norway University of Applied Sciencesnb_NO
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleMellom Grandis og granola. Mat som sosial markør i litterære framstillingar av familie – eit djupdykk i fire skandinaviske barnebøkernb_NO
dc.title.alternativeBetween Frozen Pizza and Granola. Food as a Social Signifier in Literary Family Portraits – A Close Reading of Four Scandinavian Children’s Booksnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.description.localcodeMBUL550nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal