Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorKvarme Ure, Frida
dc.date.accessioned2018-11-07T08:54:53Z
dc.date.available2018-11-07T08:54:53Z
dc.date.issued2018
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2571339
dc.descriptionMaster i undervisningsvitskap med fordjuping i matematikk Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI)nb_NO
dc.description.abstractI 2006 vart skriving innført som ein av fem grunnleggande ferdigheitar i Kunnskapsløftet, LK06. Skriving som grunnleggande ferdigheit er innarbeidd i kompetansemåla til alle fag gjennom heile skuleløpet, noko som inneber at alle lærarar har eit ansvar for skriveopplæringa i sitt fag. På utdanningsdirektoratet sine heimesider blir det trekt fram at samfunnet stiller stadig større krav til komplekse språklege ferdighetar, og at skulen har eit ansvar for å sosialisera og førebu elevane på dei skriverollane dei vil møta seinare i livet (Utdanningsdirektoratet, 2014).1 Skriving er med andre ord eit satsingsområde i skulen, men ifylgje Opsal (2013) er det lite forsking som seier noko om skriving i matematikk i norsk skule. Forskinga som er gjort peikar mellom anna på verdien av å la elevane arbeida med skriftlege forklaringar og grunngjevingar (Moskal & Magone, 2000), men at eit slikt fokus på argumentasjon og bevis i matematikk ofte blir knytt til dei eldste klassetrinna (Hovik & Solem, 2013). Hovik og Solem (2013) peikar òg på at elevar bør verta introdusert for desse tema tidlegare, slik at dei blir fortrulege med å grunngje og forklara resonnementa sine. Studia tek sikte på å gje innsikt i korleis yngre elevar argumenterer ved å undersøkja korleis elevar på 4. og 7. trinn argumenterer skriftleg i matematikk. For å undersøka dette har eg utforma ei oppgåve som utfordrar elevane til å argumentera skriftleg i matematikk ved å svare på (1) kva som skjer dersom ein adderer to oddetal og (2) kva som skjer dersom ein adderer eit oddetal og eit partal. Analysen baserer seg på 59 elevtekstar frå 4. trinn og 60 elevtekstar på 7. trinn. I analysen av elevtekstane har studien både ei kvantitativ og kvalitativ tilnærming, og ulike kvalitetar ved elevtekstane blir identifisert ved å bruke Balacheff (1988) og Toulmin (2003) som analyseverktøy. Ved hjelp av Balacheff si nivåinndeling har eg delt elevtekstane inn i fem ulike nivå, etter korleis elevane argumenterer for ein matematisk påstand. Ved hjelp av Toulmin sin modell har eg studert enkeltargument i utvalde elevtekstar. Resultatet av fordelinga viser at dei tre midtarste nivåa har ei nokså lik fordeling på dei to klassetrinna, medan ein kan observera større skilnadar på det lågaste og høgaste nivået. I analyse av enkeltargument i utvalde elevtekstar vart det identifisert ulike kvalitetar innan det same nivået. Dette kom tydelegast fram i elevtekstane på 7. trinn. I tillegg viser resultatet at det ikkje er alle elevtekstar som lar seg plassera i Balacheff si nivåinndeling, då dei har ein samansett kompleks og argumentasjon. 1 https://www.udir.no/laring-og-trivsel/lareplanverket/grunnleggendeferdigheter/ skriving/skriving-som-grunnleggende-ferdighet/skriving-som-grunnleggendeferdighet2/nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskulen på Vestlandet/ Western Norway University of Applied Sciencesnb_NO
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleArgumenterande skriving på barneskulen – Ein analyse av elevar sine argumenterande matematikktekstar på 4. og 7. trinnnb_NO
dc.title.alternativeArgumentative writing at elementary school – An analysis of pupil’s argumentative texts in mathematics in 4th and 7th gradenb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.description.localcodeM120UND509nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal