Show simple item record

dc.contributor.authorKjøsnes, Kristine
dc.date.accessioned2018-11-02T10:03:20Z
dc.date.available2018-11-02T10:03:20Z
dc.date.issued2018
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2570748
dc.descriptionMaster i undervisningsvitskap med fordjuping i norsk Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrettnb_NO
dc.description.abstractFøremålet med denne studien var å finne ut om ein kan seie noko om korleis ulik progresjon i bokstavinnlæringa verkar inn på elevane sine skriveferdigheiter. Det som har vore mest vanleg i den norske skulen er å gjennomgå ein bokstav i veka på 1.trinn, og at ein blir ferdig med bokstavinnlæringa i løpet av det første skuleåret. Etter at Kjersti Lundetræ, som er førsteamanuensis ved Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger, tok til orde for ein hurtig bokstavprogresjon hausten 2013, er det fleire skular som har gått over til å gjennomgå fleire bokstavar i veka på 1.trinn. Å gjennomgå meir enn ein bokstav i veka blir i denne studien omtalt som hurtig bokstavprogresjon. Denne studien tar utgangspunkt i problemstillinga Er det mogleg å spore forskjellar i staveferdigheitene mellom elevar på 2.trinn som har gjennomgått ein bokstav i veka og elevar som har hatt ein hurtig bokstavprogresjon? For å finne svar på problemstillinga er de gjennomført eit undervisningsopplegg i fire forskjellige klassar, der to av klassane har gjennomgått ein bokstav i veka og to av klassane har hatt ein hurtig bokstavprogresjon Tekstkorpuset som er blitt analysert består av elevtekstar som er skrivne av 64 forskjellige elevar på 2.trinn. Elevtekstanalysen er gjort ved hjelp av Turid Fosby Elsness (2002) sin modell for kategorisering av staveavvik. I tillegg er analysen supplert med nokre vurderingsområde som er henta frå Normprosjektet (u.d.), der det også blir lagt vekt på kva elevane meistrar. Resultata i denne studien viser at det er svært liten skilnad i staveferdigheitene mellom dei elevane som har gjennomgått ein bokstav i veka og dei elevane som har hatt ein hurtig bokstavprogresjon. Det kan sjå ut til at dei små forskjellane som finst i elevtekstane er nokså tilfeldige. Eit gjennomgåande trekk er at ein av klassane med hurtig progresjon og ein av klassane med langsam progresjon utmerkar seg med færre staveavvik, i forhold til dei to andre klassane. Det er heller ikkje mogleg å spore særlege forskjellar når det gjeld korleis elevane presterer med tanke på vurderingsområda i Normprosjektet. Resultata peikar i retning av at elevane lærer å skrive like tidleg, uansett om det blir gjennomgått ein eller to bokstavar i veka på 1.trinn.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskulen på Vestlandet/ Western Norway University of Applied Sciencesnb_NO
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.title2.klassingar skriv Ein studie av staveferdigheiter til elevar på andre trinn som har hatt ulik progresjon i bokstavinnlæringanb_NO
dc.title.alternative2nd graders are writing A study of spelling skills for students in the second grade who have had different progress while learning the lettersnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.description.localcodeM120UND509nb_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Except where otherwise noted, this item's license is described as Navngivelse 4.0 Internasjonal