Leiing og læring i barnevernet. Barnevernsleiarar og tilsette sine erfaringar kring leiing og læring i kommunalt barnevern
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2562264Utgivelsesdato
2018Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Bakgrunn: Barnevernsarbeid krev høg kompetanse og god innsikt. Kompetansen må vidareutviklast og haldast ved like. Kunnskapen som vert opparbeida innan tenesta handlar ikkje berre om formell utdanning, men også om den erfaringsbaserte kunnskapen - “taus kunnskap”. Å legge til rette for at kunnskap kan delast og utviklast i barnevernet er ei viktig leiaroppgåve. Min studie har fokus på leiing, samt deling og utvikling av kunnskap som skjer individuelt og internt i organisasjonen.
Føremål: Føremålet med denne studien er undersøkje barnevernsleiarar og tilsette sine erfaringar kring leiing og læring i kommunalt barnevern.
Metode: Studien har eit kvalitativt design, inspirert av hermenautikken. Undersøkinga er basert på intervju av 8 informantar frå kommunalt barnevern - fire barnevernsleiar og fire fagkonsulentar. Deskriptiv analyse vart nytta som analysemetode.
Problemstilling: Leiing og læring i barnevernet. Barnevernsleiarar og tilsette sine erfaringar kring leiing og læring i kommunalt barnevern.
Resultat: Funn frå studien viser at barnevernsarbeid medfører mykje sjølvstendig arbeid. Ein god barnevernsarbeidar må ha personlege kvalifikasjonar som gjer dei i stand til utføre sjølvstendig arbeid. Dei tilsette treng leiarar som støttar og anerkjenner arbeidet dei gjer, men treng også leiarar som legg til rette for kunnskapsutvikling. Funn tyda på at læring er eit viktig tema for både leiarane og dei tilsette. Undersøkinga viser at det føreligg samhandlingsfora og formelle og uformelle møtefora der faglege tema kan drøftast og læring kan skje. Konklusjon: Studien viser at autonome barnevernsarbeidarar treng støtte og oppfølging frå leiar, men også tilhøyrsle i eit fellesskap. For å skape eit godt læringsklima er leiinga viktig. Funna kan tyde på at bakgrunn for å ha ulike samhandlings- og drøftingsfora, er kvalitetssikring av arbeidet heller enn læring, men der læring blir ein positiv bieffekt.
Beskrivelse
Masterstudium i organisasjon og leiing, helse- og velferdsleiing og utdanningsleiing Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap. Institutt for samfunnsvitskap 15.juni 2018