Kartleggingsverktøy i skulehelsetenesta – helsesøster sine erfaringar med bruk av målretta helseundersøkingar
Abstract
Bakgrunn for oppgåva: Helsesøster er ein sentral aktør i det helsefremjande arbeidet og er den yrkesgruppa i helsevesenet som har mest direkte kontakt med barn og ungdom. Standardiserte kartleggingsverktøy har auka i helsestasjons- og skulehelsetenesta siste tiår, og har vore ein del av kvalitetssikring av tenesta. Målretta helseundersøkingar i journalsystemet HsPro blei innført i Bergen kommune i 2010, og har sidan innføringa auka i omfang og treffpunkt. Eg ønskte å finne ut om dette har noko påverknad på helsesøster sin veiledning av eleven. Eg ønskte å høyre frå helsesøstre som bruker dei målretta helseundersøkingar om det får noko påverknad på kvaliteten i tenesta, om det påverkar helsesøster sin bruk av fagleg kunnskap og skjønn, og til slutt om dei opplever moglegheit til å påverke kartleggingsverktøyet dei bruker i kvardagen sin.
Problemstilling: Korleis opplever helsesøstre bruk av målretta helseundersøkingar i sin veiledning av elevar i skulehelsetenesta?
Teori: Den teoretiske ramma til studien byggjer på profesjonsteori. Ulike helsemodellar som den biomedisinske helsemodellen, empowerment og salutogenese er også ein del av teorien. Kvalitetssikring, organisasjon og læring er også presentert i det teoretiske grunnlaget.
Metode: Kvalitativt forskingsintervju er brukt som metode, og 10 helsesøstre blei intervjua. Deira erfaringar og skildringar er analysert først gjennom inspirasjon av Malterud (2017) sin analysemodell; systematisk tekstkondensering. Dette utgjorde grunnlaget i analysen. Eg fortsatte deretter med temasentrert analyse.
Resultat: Funn frå denne studien viser at målretta helseundersøkingar påverkar helsesøster sin bruk av fagleg kunnskap skjønn. Helsesøster sitt faglege skjønn kan vera under press ved bruk av målretta helseundersøkingar. Dei målretta helseundersøkingane påverkar også elevens brukarmedverknad i møtet med helsesøster. Eleven sin brukarmedverknad kan bli redusert ved bruk av helseundersøkingar. Helsesøstre i denne studien etterlyser opplæring og arena for læring- og erfaringsutveksling ved bruk av målretta helseundersøkingar. Funn viser også at helsesøstre ikkje opplever moglegheit for å påverke bruken og utvikling av dei målretta helseundersøkingar. Det er behov for vidare diskusjon og forsking på ulike konsekvensar av helsesøster sin bruk av standardiserte kartleggingsverktøy i skulehelsetenesta.
Description
Masterstudium i organisasjon og leiing, helse- og velferdsleiing. Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap. Institutt for samfunnsvitskap. 15. juni 2018